Hopp til hovedinnhold

Møtte fylkesmennene

Hans Majestet Kong Harald var til stades på første del av fylkesmannsmøtet i Oslo i dag. På dagsorden stod samfunnets sårbarheit for terror.
06.12.2011

For å kaste lys over temaet hadde Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet invitert foredragshaldarar frå Etterretningstenesta i Forsvaret, Politiets sikkerheitsteneste (PST), Forsvarets forskingsinstitutt og Politihøgskolen.

Til stades var òg statsråd Rigmor Aaserud, departementsråd Ingelin Killengreen, sysselmannen på Svalbard og dei 18 fylkesmennene og assisterande fylkesmennene i landet.

Middag på Slottet

Møtet blir halde i R5 i Regjeringskvartalet og held fram utover dagen og morgondagen.

I kveld held Kongeparet den årlege middagen for fylkesmennene på Det kongelege slottet. Her vil òg Den Høgvørde Kronprinsen vere til stades.

Fylkesmannsembetet

Fylkesmannen er Kongens og regjeringas representant i fylket. Fylkesmannen har viktige styrings- og rettleiingsoppgåver overfor kommunane og skal føre tilsyn med den kommunale forvaltninga og den kommunale økonomien.

Fylkesmannsembeta har rundt 2250 tilsette, viser tal frå Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet.

Fylkesmenn blir utnemnde av Kongen i statsråd.
 

 

Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook