Hopp til hovedinnhold

Gardens kyrkjeparade

Hans Majestet Kong Harald og H.K.H. Kronprins Haakon var begge til stades under Gardens tradisjonsrike kyrkjeparade i Oslo domkyrkje i dag.

13.12.2011

Kyrkeparadane er ein del av Forvarets førjulsmarkering, og Hans Majestet Kongens Gardes kyrkjeparade blir halden i Oslo Domkyrkje.

Konge og Kronprins vart mottekne av domprost Olav Dag Hauge, gardesjef oberstløytnant Odd Andreas Søbstad og gardeprest major Kenneth Henriksen da dei kom til Domkyrkja i dag tidleg. Alle vart ståande ved plassane sine mens fana vart ført inn.

Seremonien

Den første delen av seremonien omfatta minneord over dei falne og helsing frå domprosten. I tillegg til song av dei frammøtte framførte Signalkorpset "Amazing Grace".

Det var gardepresten, major Kenneth Henriksen, som heldt preika for dagen.

Kongens Gardes musikkorps spelte ”Cantique dei Noel”, før Fedrelandssalmen og Kongeønsket avslutta kyrkjeparaden.

Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook