Hopp til hovedinnhold

På plass i Holmenkollen

Hans Majestet Kong Harald og Prinsesse Astrid, fru Ferner er på plass i Holmenkollen for andre dag på rad. I dag fekk dei sjå Eldar Rønning ta gull på 5 mil i ein spennande spurt mot sveitsiske Dario Cologna.
10.03.2012

Kongen og Prinsessa har òg følgt kombinert og hopp for damer desse dagane. Fredag kunne Kong Harald og Prinsesse Astrid gratulere den 17 år gamle amerikanske Sarah Hendrickson med siger både i Holmenkollen og i verdscupen samanlagt. Japanske Akito Watabe vann i kombinert, etter å ha lege i tet allereie etter hopprennet.
 

Holmenkollsøndag

I morgon vil Kong Harald og Prinsesse Astrid vere til stades under 30-kilometeren for kvinner, før dei får selskap av Dronning Sonja og Kronprinsparet til den store avslutninga i hoppbakken.


Kong Haakon og Dronning Maud var til stades i Holmenkollen i 1906 og gjorde Kongefamiliens nærvær til ein fast tradisjon. Men Kong Haakon var ikkje den første kongen i Kollen. Da rennet vart flytta frå Iversløkken til Husebybakken i 1879, var unionskongen Oscar II blant tilskodarane. Han kom tilbake mange gonger i åra som følgde, også da rennet vart flytta på nytt i 1892 – til Holmenkollen.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook