Hopp til hovedinnhold
Ofte blir Kongeskipet Norge nytta på reiser langs kysten. Foto: Lise Åserud / NTB
Ofte blir Kongeskipet Norge nytta på reiser langs kysten. Foto: Lise Åserud / NTB

Fylkesturar

Kongeparet og Kronprinsparet ønskjer å vitje flest mogleg av kommunane i landet og på den måten dekkje Noreg med vitjingar. Fylkesturane er ein fin sjanse til å møte befolkninga i ulike delar av landet og få eit innblikk i deira liv og virke.


Hennes Majestet Dronning Sonja har sagt:– Dei årvisse fylkesturane våre er noko av det kjæraste Kongen og eg gjer. Vi får lov til å oppleve landet vårt i allslags vêr, og vi får sjansen til å nyte det beste vi har av lokal kultur, mat og tradisjonar. Det beste er likevel å møte alle menneska som bur over vårt ganske land. Menneske som er stolte av heimstaden sin, og som utgjer dei store og små varme fellesskapa i by og bygd.


Ein fylkestur er ei reise over 2–3 dagar, der 4–6 kommunar blir vitja. Normalt blir det gjennomført to fylkesturar kvart år; ein for Kongeparet og ein for Kronprinsparet.


Nedanfor kan du følgje peikare til første artikkel om dei ulike turane – som igjen kan ta deg vidare til andre artiklar, talar og bilete.