Hopp til hovedinnhold

Signinga av Kong Olav

Måleriet frå signinga av Kong Olav i Nidarosdomen 22. juni 1958 heng på Det Kongelege Slottet og vart måla av Per Lasson Krohg (1889–1965) i perioden 1958–1960.

Kronings- og signingsbileta av unionskongane og norske monarkar utgjer hovudverka i målerisamlinga ved Slottet. Med unntak av kroninga til Kong Oscar I, som ikkje vart gjennomført i Noreg, er alle kroningane og signingane representerte i målerisamlinga ved Det kongelege slottet.

Framstillinga

I framstillinga av signinga av Kong Olav har ikkje Per Krohg avbilda sjølve høgdepunktet under seremonien, som er når kongen kneler og tek imot velsigninga. I staden har han avbilda ein augneblink der kongen sit ventande på kroningsstolen, med dei tre barna sine, prinsessene Astrid og Ragnhild og daverande kronprins Harald. Nærast bak dei ser vi hoff og stab. Til venstre ser vi dei forrettande biskopane Johannes Smemo og Arne Fjellbu. I framgrunnen ser vi representantar for regjering og storting, deriblant statsminister Einar Gerhardsen.

Ved å stille opp personane på denne måten forkastar Krohg eit realistisk perspektiv. Dei involverte personane er nærast framstilte scenografisk som om dei skulle vere deltakarar i eit teaterstykke. At Per Krohg hadde bakgrunn som scenograf og dekorasjonsmålar, kan forklare dette måleriske grepet. Resultatet er eit måleri som kan verke oppstilt nesten på grensa til det naive. Likevel er dette eit svært viktig måleri, som viser eit av høgdepunkta i historia til det moderne norske monarkiet.

Materiale

Olje på lerret

Mål

220 x 323 cm

Inventarnummer: DKS.001840

04.06.2012

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Fakta

Instagram

De kongelige samlinger har sin egen konto på Instagram. Der vil vi publisere bilder av gjenstander fra samlingene: Malerier og andre kunstgjenstander, møbler og annet kunsthåndverk, klær, leker og annet fra Kongehusets historie.