Hopp til hovedinnhold

Kronprinsparets Fond

Kronprinsparets Fond ønskjer å setje søkjelys på ungdomstida og fange opp unge menneske som av ulike årsaker risikerer å bli ståande på utsida av fellesskapet.

Kronprinsparets Fond ønskjer å setje søkjelys på ungdomstida og fange opp unge menneske som av ulike årsaker risikerer å bli ståande på utsida av fellesskapet.

Nokre unge manglar sosial kontakt og trygge vaksenpersonar. Andre manglar motivasjon og droppar ut av skulen. Rota til det å falle utanfor ligg i manglande kjensle av å høyre til. Det handlar ikkje nødvendigvis om nokon å vere saman med, men om å finne sjeler av same slag.

Det å bli sett er grunnlaget for å våge å vere synleg. Som alle andre treng ungdom å bli sett, bli anerkjende for ressursane sine og oppleve å vere del av noko. Unge treng hjelp til å finne fram til alt det dei er gode til, definere framtidsdraumen sin og skape sitt eige liv.

Fondet erklærer:
Vi ønskjer oss eit Noreg av menneske som er trygge på at dei er gode nok som dei er – menneske med mot til å løfte fram andre, fordi dei ein gong sjølve opplevde å bli sett. Ungdom er den viktigaste ressursen vi har. Vi treng motet, kreativiteten og framtidshåpet deira for å løyse dei store og komplekse utfordringane verda står overfor. Vår oppgåve er å leggje til rette for at kvar enkelt ungdom skal kunne ta ut potensialet sitt.

Samarbeid med utvalde prosjekt

Kronprinsparets Fond bidreg inn mot utvalde prosjekt med ambisjon om å gje unge nye arenaer å lykkast på. Disse initiativa løftar fram talentet og gneisten hos kvar enkelt ungdom gjennom å tilby tilhøyrsle og fellesskap.

Fondet vil vere ein aktiv og langsiktig partnar. Gjennom samarbeid med dedikerte partnarar er målet at prosjekta skal kunne skalere og utvikle seg. Fondet skal bidra til at det arbeidet dei gjer, blir enda meir synleg offentleg, slik at fleire kan sjå verdien av dei, bli inspirerte og sjølve gjere ein innsats.

I tillegg til økonomisk støtte blir prosjekta ein del av kompetansenettverket til fondet.

Prosjekt der fondet bidreg

Etter ein prosess der 100 ungdomsprosjekt vart gjennomgått, vart fire prosjekt plukka ut for eit treårig samarbeid.

Per januar 2024 er dette prosjekta til fondet:

  • Ung Invest AIB
  • Dale Oen Experience
  • Get Academy
  • Og fondets eige prosjekt: Flytprogrammet

Tidlegare har fondet også bidrege til Catalysts, VIBRO, Trivselsleder, Pøbelprosjektet, Kjør for Livet, Cousins. Les meir om prosjekta på fondets eigne sider eller hos prosjekta sjølve.

Økonomi og samarbeidspartnarar

Gåva frå regjeringa i høve bryllaupet er det største bidraget til grunnkapitalen til fondet, med éi krone per innbyggjar.

Fondets pro-bono-partnarar i næringslivet jobbar vederlagsfritt for fondet og prosjekta. Prosjekta får dermed økonomisk støtte, kompetanse, kunnskap og tilgang til arbeidsplassar. Fondet bidreg til eit samspel der fleire aktørar på tvers i samfunnet bidreg til gode, berekraftige løysingar for og med ungdom. På nettsidene til fondet finst ei oversikt over samarbeidspartnarar.

Organisering

Kronprinsparets Fond er organisert som ei stifting. Styreleiar er Kristin Halvorsen. Kronprinsparet sit i styret saman med Johannes Heggland, Rune Bjerke, Zahra Sabha, Anita Valaker og Yosef Wolde-Mariam. Styret får inga form for honorar eller godtgjering.

Irene Lystrup er dagleg leiar for fondet.

Kronprinsparet prioriterer å arbeide med unge i Noreg og ungt leiarskap. Det kongelege hoffet gjev bistand til Kronprinsen og Kronprinsessa i det offisielle virket deira, og det inkluderer bistand med  forretningsførsla i fondet.

For meir informasjon, sjå fondets eigne sider.

 

 

29.01.2024

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook