Hopp til innholdet

Hans Majestet Kongens Garde

Hans Majestet Kongens Garde er Kongehuset si militære livgarde. Garden skal sørgje for Kongefamilien sin tryggleik i fred, krise og krig.

Gardister står oppført på rekker foran Slottet.
3. gardekompani held oppvising framfor Slottet i forbindelse med ein vaktparade. Foto: Lea B. Nilsen / Forsvaret

"Det kongelige norske Gardeskarpskytterkompagni" vart oppretta 1. november 1856 for å bidra til vakthaldet rundt Kong Oscar I i Stockholm. Mot slutten av unionstida vart Garden overført til Kristiania, og Kongens Garde har stått vakt ved Det kongelege slottet og andre kongelege residensar sidan 1888. Garden står vakt 24 timar i døgnet, 365 dagar i året.

Kongens Garde har i dag fast vaktteneste ved Det kongelege slottet, Skaugum Hovedgård, Bygdø Kongsgård når han er i bruk og Huseby leir. Garden etablerer normalt vakthald utanfor Stiftsgården i Trondheim når medlemar av Kongehuset bur her.

Vi ser ryggen til fire gardister som står øverst på en molo, med det norske flagget og et banner, og ansiktene er vendt mot havet der Kongeskipet Norge ligger ankret opp.
Garden spelar frå land medan gjestane går om bord i Kongeskipet under fylkestur i Rogaland. Foto: Lise Åserud / NTB
Kronprinsen går forbi gardister som står oppstilt i sine paradeuniformer.
Kronprins Haakon inspiserer garden på Huseby leir. Foto: Nikolai Holand Mathisen / Forsvaret
Kronprins Haakon deler ut Gardens ur til ein gardist under inspeksjon av Garden. Foto: Hannah Nathalie Sæbø-Thoresen / Forsvaret
En gruppe på rundt 15 gardister står oppstilt foran Slottet.
Hovudavløysing ved Slottet, eit seremonielt vaktskifte for Hans Majestet Kongens Garde. Foto: Nikolai Holand Mathisen / Forsvaret
En gardist står oppstilt på plenen foran bygningen.
Gardistar var til stades på Gamlehaugen i Bergen i samband med 100-årsjubileet. Foto: Nikolai Holand Mathisen / Forsvaret
Kongleg norsk forloving. Kronprins Harald og Kronprinsesse Sonja på veg ut frå Slottet. Foto: NTB arkivfoto / NTB
Tre gardister i grønne feltuniformer ute i skogen.
Gardistar i 5. gardekompani på øving i Kongsberg. Foto: Nikolai Holand Mathisen / Forsvaret

Vakttenesta ved Slottet blir utført i Garden si karakteristiske paradeuniform, og med stor vekt på den seremonielle delen.

Vakthaldet skjer i nært samarbeid med Det kongelege hoffet, Politiet og livvakttenesta ved Politiets tryggingsteneste (PST).

Hans Majestet Kongens Garde er ein del av Forsvaret og er stasjonert i Oslo-området. I kriser eller krig kan Garden bruke ressursane, erfaringa og kapasiteten sin ikkje berre til vaktteneste for Dei kongelege, men òg til å støtte mellom anna Politiet i arbeidet med å ta vare på sivil tryggleik og beredskap.

Vaktskifte

Hovudavløysinga mellom avtroppande og påtroppande vaktstyrke skjer til vanleg kvar dag klokka 13.30. Om sommaren blir det nokre gonger halde konsert eller drilloppvisning i forlenging av hovudavløysinga. Når dette skjer, blir det som regel kunngjort i terminlista på Gardens eigen nettstad.

Vaktparadar

Om sommaren gjennomfører Garden eigne vaktparadar. Vaktparaden består av påtroppande og avtroppande vaktstyrke ved Det kongelege slottet, leia av korps frå Forsvarets musikk.

Paraden startar på Akershus festning klokka 13.10, med ridande politi i front. Ruta som blir følgd, går frå Festningsplassen, via Kirkegata, bort til Karl Johan og opp til Slottet. Paraden kjem til Slottsplassen klokka 13.30, og gjennomfører deretter hovudavløysinga.