Hoffsjefen
Hoffsjef Olav Heian-Engdal er den øvste leiaren ved Det kongelege hoffet. Han står ansvarleg for verksemda andsynes Hans Majestet Kongen.

Saman med avdelingsleiarane, som er rådgjevarar for Kongehuset på sine respektive fagfelt, utgjer hoffsjefen leiinga for Hoffet.
Hoffsjefen gjev råd til Kongen og Kongefamilien elles. Han har det øvste ansvaret for å sikre at Det kongelege hoffet effektivt støttar opp under kongegjerninga.
Seremonielle oppgåver
På vegner av Kongen har hoffsjefen seremonielle og protokollære oppgåver ved høgtidelege høve. Hoffsjefen er i kraft av stillinga si skattmeister i rådet for Den Kongelige Norske St. Olavs Orden, og leiar av rådet for Den Kongelige Norske Fortjenstorden.
I tillegg til avdelingsleiarane, rapporterer leiaren av ordenskanselliet direkte til hoffsjefen i kansellisaker. Ordenskanselliet førebur saker om tildeling av ordenar og medaljar. Kronprinsesse Märthas Minnefond og Prinsesse Märtha Louises Fond vart også administrert av ordenskanselliet.