Kongeleg bryllaup 2001
Den Høgvørde Kronprins Haakon og dåverande Mette-Marit Tjessem Høiby gifta seg i Oslo domkyrkje den 25. august 2001. Noreg fekk ei ny kronprinsesse.

Trulovinga mellom Kronprins Haakon og Mette-Marit Tjessem Høiby vart annonsert 1. desember 2000. Klokka 17.00 den 25. august året etter stod bryllaupet.
Vigselen
Over 800 bryllaupsgjestar var samla i Oslo domkyrkje. Det komande kronprinsparet gjekk saman ned midtgangen til tonane av Nils Henrik Aasheims brudemarsj og tok plass lengst framme.
Linda Tånevik var Kronprinsessa sin forlovar, medan dåverande Kronprins Frederik av Danmark var Kronprins Haakon sin. Marius Borg Høiby var brudegut, og Betina og Emilie Swanstrøm, Kamilla og Anniken Bjørnøy og Tuva Høiby var brudejenter.
Seremonien
Biskop Gunnar Stålsett forretta ved vigselen og talte om kjærleiken med utgangspunkt i 1. korintarbrev: Så blir dei ståande desse tre - tru, håp og kjærleik - og størst blant dei er kjærleiken.
- I dag er dei dykkar, desse vakre orda frå Bibelen. Dei gjev retning for det livet de skal leve saman, eit liv bore av tru, von og kjærleik, sa biskopen.
Musikk under vigselen
Følgjande musikk vart framført under vigselen:
- Brudemarsj. Komponist: Nils Henrik Aasheim
- Versikkel for kor og orgel komponert av Trond Kverno
- Mitt hjerte alltid vanker, framført av Mari Boine
- Herre over alle slekter. Tekst: Roald Fangen. Melodi: Terje Kvam
- Utmars: Gamal bruremarsj fra Nord-Gudbrandsdal. Framført og arrangert for saksofon av Jan Garbarek, arrangement for orgel ved Kåre Nordstoga.

Kronprinsesse Mette-Marits brudekjole
Brudekjolen
Brudekjolen er laga av tjukk silkecrêpe og mjukt silketyll, spesialfarga i ecru. Stoffet i livet er drapert, men det ytste laget er strekt, slik at overflata vert tilnærma glatt. Skjørtet er utskrådd med eit to meter langt slep, inspirert av kjolar frå dronning Maud. Totalt er kjolen drapert med 125 meter silketyll. Underdelen av kjolen er bygd opp av silkegeorgette, organza og gazar, eit litt stivt, men smidig stoff. Eit stort underskjørt av tyll skaper ytterlegare volum.
Eit seks meter langt slør var festa i håret til Kronprinsessa. Diademet Kronprinsessa bar er frå 1910 - ei gåve frå Kong Harald og Dronning Sonja.
Brudebuketten vart boren som ei muffe rundt handleddet. Han var sett saman av marmorlanterne, wandaorkidé, hortensia, roser i sjatteringar av rosa og lilla, bjørnegras, perler og trådar av metall.
Festmiddagen
Til festmiddagen på Slottet var representantar frå europeiske kongehus til stades, i tillegg til det offisielle Noreg, organisasjonar, familie og venner.
Både Hans Majestet Kongen og bruda si mor, Marit Tjessem, talte under middagen, i tillegg til Kronprins Haakon. Kong Harald ynskte Kronprinsesse Mette-Marit varmt velkomen til familien og skildra Noregs nye Kronprinsesse slik:
Jeg har lest flere ganger om deg at du er den alminnelige jenta som i dag blir Norges Kronprinsesse. Det stemmer ikke med mitt inntrykk - du er ikke en alminnelig jente - du er en ualminnelig jente.
Du er ualminnelig åpen og ærlig
Du er ualminnelig engasjert
Du har en ualminnelig viljestyrke
Du er ualminnelig modig
Du har i dag tatt et ualminnelig valg
Du er ualminnelig forelsket i Haakon
- og i dag har du valgt å gå inn i et ualminnelig liv.









