Kronprinsparets Fond
Kronprinsparets Fond ønskjer å setje søkjelys på ungdomstida og fange opp unge menneske som av ulike årsaker risikerer å bli ståande på utsida av fellesskapet.

Kronprinsparets Fond vart oppretta av Kronprinsparet i samband med bryllaupet 25. august 2001.
Fondet arbeider for at alle ungdommar i Noreg skal kunne delta i samfunnet, enten det er i utdanning, jobb eller på sosiale arenaer. Derfor støttar og samarbeider fondet med prosjekt som gir ungdom arenaer for meistring, tilhøyrsel og fellesskap.
Samarbeid med utvalde prosjekt
Kronprinsparets Fond støttar prosjekt som styrkjer ungdom. Prosjekta skaper arenaer for meistring og deltaking, gir unge menneske eit høve til å utvikla eigne evner og ikkje minst delta i fellesskapet.
Fondet arbeider tett med prosjekta i det daglege, og samarbeidspartnarane bidrar med verdifull kompetanse og rådgiving.
Siste gongen eit nytt prosjekt kom til, var i 2023. Når det blir opna for nye søknader, blir dette annonsert på Fondets nettsider og sosiale medium.
I 2025 er dette prosjekta til fondet. :
- Ung Invest AIB
- Dale Oen Experience
- Get Academy
- Air UNG
I tillegg har Kronprinsparets fond sitt eige program: Flyt.
Tidlegare har fondet også bidratt til Catalysts, VIBRO, Trivselsleder, Lærervikaren, Pøbelprosjektet, Drive for Life og Cousins. Les meir om prosjekta på fondet sine eigne sider.
Framtidsmøtet
Sidan 2021 har Fondet invitert unge til det årlege Framtidsmøtet. Her får dei unge deltakarane høve til å drøfte aktuelle tema og formidle synspunkta sine til avgjerdstakarar.

Økonomi og samarbeidspartnarar
Gåva frå regjeringa i høve bryllaupet er det største bidraget til grunnkapitalen til fondet, med éi krone per innbyggjar.
Samarbeidspartnarar bidrar med økonomisk støtte, kompetanse og kunnskap. Fondet bidrar til eit samspel der fleire aktørar på tvers i samfunnet bidrar til gode, berekraftige løysingar for og med ungdom. På nettsidene til fondet finst ei oversikt over samarbeidspartnarar.
Organisering
Kronprinsparets Fond er organisert som ei stifting. Styret får inga form for honorar eller godtgjering.
Kronprinsparet prioriterer å arbeide med unge i Noreg og ungt leiarskap. Det kongelege hoffet gjev bistand til Kronprinsen og Kronprinsessa i det offisielle virket deira, og det inkluderer bistand med forretningsførsla i fondet.
For meir informasjon om organisering og arbeid, sjå fondets eigne sider.