Kronprins Haakon møtte Estlands president
Hans Eksellense President Alar Karis er på offisielt besøk i Noreg. Den Høgvørde Kronprinsregenten tok i ettermiddag imot presidenten til audiens på Slottet.
4. februar 2022

Etter audiensen var Kronprins Haakon vert for ein lunsj til ære for Presidenten.
I dag tidleg vart president Alar Karis motteken av stortingspresident Masud Gharahkhani på Løvebakken. Etter samtalane med stortingspresidenten møtte Karis leiinga i utanriks- og forsvarskomitéen på Stortinget.
Nordområda og tryggingspolitikk stod på programmet da Presidenten møtte forskarar ved Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) etter besøket på Stortinget.

I ettermiddag hadde presidenten politiske samtalar med statsminister Jonas Gahr Støre i representasjonsbustaden til regjeringa i Oslo.
Besøket er eit uttrykk for kor viktig det gode forholdet mellom Estland og Noreg er i ei krevjande tid. Estland og Noreg arbeider saman i FNs tryggingsråd. Begge land er rullerande medlemmer av Tryggingsrådet.
President Alar Karis har vore president i Estland sidan 11. oktober i fjor, og siste post på programmet under besøket var å stå for den offisielle opninga av dei nye lokala til Estlands ambassade i Oslo.
