Kronprinsen opna flytande vindpark
Hywind Tampen er verdas største flytande havvindpark og forsyner olje- og gassprodusentar i Nordsjøen med elektrisk kraft for å kutte CO2-utslepp. I dag var det offisiell opning på Gullfaks C-plattforma.
Den Høgvørde Kronprins Haakon markerte opninga av vindparken ved å kople to skøyteleidningar saman – godt assistert av statsminister Jonas Gahr Støre.
Hywind Tampen er no ein fullt operativ vindpark, og opninga vart markert av Kronprins Haakon og statsminister Jonas Gahr Støre. Til stades var òg Kjetil Hove, konserndirektør for norsk sokkel i Equinor, og Siri Kindem, leiar for Equinors fornybarsatsing i Noreg. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Før den offisielle opninga, med talar frå statsminister Støre og konserndirektør Kjetil Hove i Equinor, fekk Kronprinsen ei omvising på Gullfaks C av plattformsjef Trond Osen i Equinor.
Dei fem Gullfaks- og Snorre-plattformene er dei første olje- og gassplattformene i verda som får kraft frå havvind for å kutte CO2-utslepp. Det er forventa at vindkraftløysinga kjem til å redusere desse utsleppa med 200 000 tonn kvart år.
Vindparken ligg om lag 140 kilometer frå land og består av elleve vindturbinar. Foto: Ole Jørgen Bratland / ©Equinor
Hywind Tampen har en systemkapasitet på 88 MW og vil dekkje om lag 35 prosent av det årlege behovet for kraft på Snorre A og B og Gullfaks A, B og C. Vindparken blir styrt frå Equinors kontorstad i Bergen.
Aktuelle saker
Gratulerer med dagen!
Kongefamilien kunne hilse barnetoget i Oslo fra Slottsbalkongen i strålende vårsol i dag. Rundt 120 skoler går i toget i år, og jubileumsskolen Hovseter førte an.
Utnevnelse til St. Olavs Orden
H.M. Kongen har utnevnt artist, komponist, pianist og forfatter Ingrid Bjørnov, Tomter til Kommandør av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden.