Hopp til innholdet

Som følge av Kong Haralds bortgang kan det forekomme en del feil på dette nettstedet en tid framover.

Nyopna Astruptunet

Etter fire år med restaurering kunne Hennar Majestet Dronning Sonja endeleg gjenopne kunstnarheimen til ein av dei viktigaste målarane og grafikarane i norsk kunsthistorie.

25. juni 2024

Omvisning i atelieret til Astrup. Foto: Simen Sund, Det kongelige hoff

Astruptunet er eit museum og ein kunstnarheim som ligg i Jølster i Vestland. Dette var heimen til kunstnaren Nikolai Astrup og familien hans frå 1914 til han døydde i 1928. Astruptunet består av fleire bygningar, inkludert atelieret til Astrup, der mange av hans mest kjende verk vart skapte.


I fire år har prosjektet «Restaurering av Astruptunet og hagen» arbeidd med å restaurere bygningane og gjenskape hagen slik han såg ut då Astrup budde der med familien sin. Astruptunet ligg svært bratt til på sørsida av Jølstravatnet. Nikolai Astrup ønskte å dyrke eit stort mangfald av plantar til både mat, drikke og motiv for kunsten. For å lykkast med det, bygde han mellom anna opp terrassar i landskapet. I prosjektet har ein bygd opp att murar og torvgjerder, slik at skråninga er delt opp i dyrkbare terrassar slik dei var då Astrup dreiv. Ein har også arbeidd med å gjenopprette mykje av det store plantemangfaldet. Mellom anna er det no planta mange historiske bær- og fruktsortar, basert på podekvistar frå Astruptunet.

I tillegg til å føreta den offisielle nyopninga planta Dronninga ein rabarbraplante på tunet som blir ein del av det enorme plantemangfaldet på det nyrestaurerte tunet. I følgje gamle bestillingslister skal Astrup ha bestilt over 2000 ulike plantar til garden sin.

Dronninga planta rabarbra på tunet.


Fleire hundre hadde møtt opp for å vere med på den store dagen, og vestlandsvêret viste seg frå si beste side. Opninga baud både på talar frå ordførar i Sunnfjord kommune, Jenny Følling, og musikalske innslag frå Erlend Apneseth og Emil Horstad.

Galleriet på Astruptunet viser frem flere av kunstnerens verker. Foto: Simen Sund, Det kongelige hoff
Omvisning i atelieret til Astrup. Foto: Simen Sund, Det kongelige hoff
Omvisning i atelieret til Astrup. Foto: Simen Sund, Det kongelige hoff
På låvebrua på Astruptunet. Foto: Simen Sund, Det kongelige hoff
Dronningen plantet rabarbra på tunet. Foto: Simen Sund, Det kongelige hoff