Tekstilkunst ved OsloMet
Den Høgvørde Kronprinsesse Mette-Marit fekk høyre meir om tekstilkunstnaren Sigrun Berg sitt liv og virke då ho besøkte Institutt for estetiske fag ved OsloMet.
27. januar 2025

Instituttleiar ved Institutt for estetiske fag på OsloMet, Liv Klakegg Dahlin, har forska på Sigrun Berg sitt liv og historie. Forskinga har resultert i ei bok om tekstilkunstnaren.
Kronprinsessa fekk under besøket mellom anna sjå både skisser og arbeid utført av Sigrun Berg. Mykje av materialet etter Sigrun Berg finst i den historiske samlinga ved instituttet.

Liv og virke
Sigrun Berg blei fødd i 1901 og var ein leiande skikkelse innan norsk tekstilkunst, og verksemda hennar har sett sitt preg på norsk tekstilkunst, design, mote og tekstilindustri. Ho er særleg kjend for skjerf med frynser og glødande fargar, jakker, busserullar og vamsar.
Tekstilkunstnaren hadde òg eit stort engasjement for å skape arbeidsplassar, og ho sette i gang mange småbedrifter og vevstover. Ho dreiv mellom anna ei vevstove i Damstredet i Oslo, med fleire tilsette. I vevstova laga ho ryer og produserte klede og sjal. Berg var òg konsulent og designar for fleire tekstilprodusentar som Røros Tweed og Solberg Spinderi, og stod sentralt i den auka eksporten av skandinavisk design og norsk brukskunst i etterkrigstida.
Verksemda hennar var òg sterkt knytt saman med den feministiske rørsla som vaks fram på 1900-talet i Noreg.
