Bispevigsling i Oslo
Sunniva Gylver blei sundag vigsla til ny biskop i Oslo bispedøme. Hans Majestet Kongen var til stades under vigslingsgudstenesta i Oslo domkyrkje.
23. februar 2025

Når ein biskop tiltrer i si nye rolle, skjer dette i ei høgtidleg vigslingsseremoni. Her avgjev den nye biskopen sitt løfte og blir bedd for. Bispedømmerådet sin leiar, Gard Sandaker-Nielsen, fremstilte først biskopen, før preses Olav Fykse Tveit heldt ein tale.
– Mange er særleg glade for denne dagen fordi dei har sett og høyrt at nettopp du, Sunniva, har ei særskild gåve, ei nådegåve, nettopp til å gjere trua tydeleg. Du forkynner evangeliet om Jesus Kristus klart og livsnært, i alle slags samanhengar og for alle slags menneske, sa preses Olav Fykse Tveit under vigslinga i Oslo domkyrkje.

Som eit teikn på vigslinga avgjev Gylver eit løfte til kyrkja sin leiande biskop, Olav Fykse Tveit, før han la eit gullkross rundt halsen hennar.
Etter løfteavlegginga blei den nye biskopen bedd for ved handpålegging frå norske og internasjonale biskopar. I gudstenesta heldt Gylver òg si første preike som biskop.
– Gud elskar alt som lever. Difor må vi bruke utestemme – i ord og handling – for å forsvare menneskeverdet og livet i vår verd. Det kan vere freistande å lukke augo for liding og urett – om vi har høve til det, sa biskopen i preika si.

Sunniva Gylver har vore prest i Den norske kyrkja i tre tiår og kjem frå stillinga som sokneprest i Fagerborg sokn i Oslo. Før det har ho vore prest på ulike stader i Oslo, og studentprest og stipendiat i praktisk teologi.
Under bispevigslinga var det òg lystenning, bøn og nattverd. Oslo domkor og Trefoldighet jentekor medverka med song.
Etter gudstenesta var Kongen til stades under ei mottaking til ære for den nye biskopen i Oslo rådhus.