Hopp til innholdet

Lunsj for Latvias president

Latvias president, Hans Eksellense Edgars Rinkēvičs, er på offisielt besøk i Noreg. Den Høgvørde Kronprinsregenten tok i dag imot presidenten i audiens etterfølgt av lunsj på Det kongelege slottet.

28. mars 2025

Kronprins Haakon tok imot Latvias president Edgars Rinkēvičs i audiens. Foto: Ola Vatn, Det kongelege hoffet

Støtte til Ukraina, europeisk tryggleik og samarbeid innan forsvarsindustri er viktige tema under besøket i Noreg.

Latvia er ein nær partnar for Noreg, og banda er blitt vesentleg styrkte dei siste åra. I tillegg til det gode bilaterale forholdet samarbeider landa òg tett i den nordisk-baltiske kretsen NB8 og som allierte i Nato.

Etter lunsjen drog presidenten vidare til eit møte med statsminister Jonas Gahr Støre. Under besøket vil president Rinkēvičs òg møte stortingspresident Masud Gharahkhani og medlemmer av utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget.

Kronprins Haakon ønsker Latvias president Edgars Rinkēvičs velkomen. Foto: Ola Vatn, Det kongelege hoffet