Hopp til innholdet

Besøkte Briskeby videregående skole

Den vidaregåande skulen i Lier gir opplæring til ungdom med nedsett høyrsel. Elevane kjem frå heile landet. I dag kom Hans Kongelige Høyhet Kronprinsen på besøk.

12. mai 2025

Kronprinsen kjem til Briskeby videregående skole. Foto: Ola Vatn, Det kongelege hoffet

– Eg trur veldig på at alle menneske, uansett kven dei er, har lyst til å få til ting. Du har lyst til å bruke evnene dine, og du har lyst til å bidra. Det trur eg denne skulen legg grunnlaget for, sa Kronprins Haakon til elevar og lærarar under besøket.

Omvising og vaflar

Det går 52 elevar på Briskeby. Skulen er kjenneteikna av teknisk tilrettelegging, små klasser, tilsette med kompetanse på høyrsel – og eit godt sosialt miljø.

Under besøket møtte Kronprinsen skuleelevar og fekk ei omvising i klasserom, hybelhus og elevane si garasje, der dei har høve til å skru på bilar og mopedar på fritida. Besøket vart avslutta med nysteikte vaflar og mingling med elevane ute – i strålande sol.

Mange av elevane bur i hybelhus ved skulen, og i elevane si garasje har dei moglegheit til å skru og mekke på syklar og mopedar i fritida. Foto: Ola Vatn, Det kongelege hoffet

Beskyttarskap

Briskeby vidaregåande skule i Lier er eigd av Hørselshemmedes Landsforbund (HLF).

Til stades i dag var generalsekretær Inger Helene Venås og forbundsleiar i HLF, Bjørg Kampestuen-Berntzen, som òg har vore elev ved skulen.

Kronprinsen er beskyttar for organisasjonen, som har over 68 000 medlemar.

Besøk til kjemiklassen ved Briskeby. Foto: Ola Vatn, Det kongelege hoffet
Kodekammer, eller escape room, i tyskklassen ved Briskeby. Foto: Ola Vatn, Det kongelege hoffet
Besøket vart avslutta med nysteikte vaflar og mingling med elevane. Foto: Ola Vatn, Det kongelege hoffet