Hopp til hovedinnhold

Konferanse om transseksualisme

H.K.H Kronprinsen var til stades da konferansen WPATH (World Association for Transgender Helth) 21st Biennial Symosium opna på Holmenkollen Park Hotel torsdag
19.06.2009

Om lag 350 personar frå ulike fagmiljø var samla i regi av Harry Benjamin Ressurssenter. Dette er den største medisinske konferansen i verda til no om transseksualisme.

Harry Benjamin Ressurssenter (HBRS)

HBRS er ei landsdekkjande foreining for menneske som søkjer eller har fått diagnosen transseksualisme. Foreininga vart stifta i januar 2000 og har som mål å arbeide politisk og sosialt for at menneske med transseksualisme skal kunne leve ope, utan frykt for å bli sosialt utstøytte eller diskriminerte.

HBRS arbeider for å informere og auke kunnskapen om denne minoriteten og er ein pådrivar for eit godt og trygt behandlingstilbud i Noreg. Omsorg for menneske i målgruppa står sentralt, og tryggleik og fellesskap er nøkkelord.

(Kjelde: Harry Benjamin Ressurssenter)

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook