Hopp til innholdet

Som følge av Kong Haralds bortgang kan det forekomme en del feil på dette nettstedet en tid framover.

75 år for totalforsvaret

Gjennom 75 år har Norsk TotalforsvarsForum vist at det er eit behov for frivillig engasjement for totalforsvaret. I dag var Hennar Majestet Dronning Sonja til stades ved markeringa.

9. april 2026

Dagleg leiar helsar på Dronning Sonja utandørs på Akershus festning. Styreleiar står i bakgrunnen.
Dagleg leiar for Norsk TotalforsvarsForum, Hanne Guro Garder, og styreleiar Kåre Ludwig Jørgensen tek imot Dronninga på Akershus festning. Foto: Anette Ask, Det kongelege hoffet

Ei rekkje personar og organisasjonar var til stades i Artilleriloftet på Akershus festning i dag for å feire Norsk TotalforsvarsForum. Ukrainas ambassadør til Noreg, Gavrysh Oleksiy, var ein av hovudtalarane denne dagen. Han peika på at sikkerheit ikkje er ein luksus, men ein fundamental menneskerett:

– Eg er ikkje her i dag berre som ambassadør, men som representant for ein nasjon der sikkerheitsberedskapen stadig blir utfordra. Bodskapen min til dykk her i dag er: Eit sterkt forsvar er ikkje ein provokasjon til krig. Det er den einaste måten å hindre det på.

Dronninga ikledd blå jakke sit rundt eit bord og lyttar til føredrags­haldarane.
Torsdag deltok Dronning Sonja ved markeringa av Norsk TotalforsvarsForums 75-årsjubileum på Artilleriloftet på Akershus festning. Foto: Anette Ask, Det kongelege hoffet
Ukrainas ambassadør til Norge, står ved talerstolen på Artilleriloftet.
Ukrainas ambassadør til Noreg, Gavrysh Oleksiy fremja bodskapen om at det er ein menneskerett å leve uten frykt og viktigskapen av god beredskap. Foto: Anette Ask, Det kongelege hoffet
Sjef for Heimvernet i Hærens tenesteuniform sit ved eit bord og snakkar med andre deltakarar.
Sjef for Heimevernet, generalmajor Frode Ommundsen, deltok på markeringa. Foto: Anette Ask, Det kongelege hoffet

Historisk organisasjon

Det var Kronprinsesse Märtha som tidleg på 1950-talet reiste spørsmålet om hjelp og arbeidsoppgåver frå kvinner knyttet til Noregs beredskap. Det var så den dåverande statsministeren, Einar Gerhardsen, som gav Claudia Olsen, leiar i Norske Kvinners Nasjonalråd, og sosialminister Rakel Seweriin i oppdrag å greie ut moglegheitene for eit breiare og meir samordna beredskapsarbeid.

Resultatet vart stiftinga av organisasjonen Kvinners Frivillige Beredskap (KFB), 9. april 1951.

Namnbyte til Norsk TotalforsvarsForum vart gjennomført i 2019, men føremålet er framleis det same: Å styrkje Noregs beredskap.

Ærespresident

Dronning Sonja er i dag ærespresident i Norsk TotalforsvarsForum, og Prinsesse Astrid, fru Ferner beskyttar for organisasjonen.

I boka «Kvinnens forsvarshistorie» frå 1990, utgjeven av KFB, skreiv Dronninga i føreordet: «Historien har lært oss at kvinnene og deres organisasjoner helhjertet har stilt opp for å verne om hjem og samfunn når landet er i krise. I en særstilling står de kvinner som under siste krig kjempet for Norges frihet.»

«Nytt fra K.F.B.» i 1958 viser den dåverande samlinga av viktige beredskapsorganisasjonar: Norges Lotteforbund, LOs kvinnenemnd, Norges Røde Kors, Norsk Folkehjelp, Norske Kvinners Nasjonalråd, Norske Kvinners Sanitetsforening, Den norske Nationalforening mot Tuberkulosen, Norges Bondekvinnelag, Norges Husmorforbund og Norges K.F.U.K.