Hopp til innholdet

Som følge av Kong Haralds bortgang kan det forekomme en del feil på dette nettstedet en tid framover.

Alle gode krefter

DD.HH.KK Kronprinsen og Kronprinsessa var begge til stades da NHOs årskonferanse opna i dag. Mobilisering av alle gode krefter for å møte utfordringar samfunnet vårt står overfor, er den raude tråden gjennom ein dag med foredrag og diskusjon.

5. januar 2012

Det er økonomiske krisetider i Europa. Eldrebølgja set velferdsstaten under press. Sentraliseringstendensar endrar forholdet mellom regionane. Korleis kan offentleg og privat sektor samarbeide for å møte desse utfordringane best mogleg? Dette er hovudtemaet for konferansen i dag. Under overskriftene Berekraft, Konkurransekraft, Vekstkraft og Omstillingskraft held ei rekkje leiarar frå næringliv, politikk, akademia og samfunnsliv innlegg og foredrag.

Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit var til stades under opninga og første del av konferansen, der dei blant anna fekk høyre statsminister Jens Stoltenbergs innlegg. Det var NHO-president Kristin Skogen Lund som tok imot Kronprinsparet i Operaen i dag.

NHOs årskonferanse

Kvart år samlar NHOs årskonferanse om lag 1300 bedriftsleiarar, leiarar i offentleg sektor, toppolitikarar, akademikarar og ekspertar til foredrag og debatt. Dei siste åra har konferansen vorte halden på Operaen i Oslo.

Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit forlater NHOs årskonferanse på Operaen (Foto: Håkon Mosvold Larsen / Scanpix)