Avduka monumentet «Fjordafolket»
I 50 år har Storfjordens Venner arbeidd for å ta vare på dei gamle fjord- og fjellgardane kring Storfjorden på Sunnmøre. – Imponerande dugnadsånd, sa Hennar Majestet Dronninga, som deltok på jubileumsfeiringa i Geiranger og avdukinga av tre nye skulpturar.
7. september 2025

Dronning Sonja takka Storfjordens Venner for eit fantastisk frivillig arbeid som har vore lagt ned gjennom 50 år.
– De har ikkje berre redda viktige kulturminne. De har òg gjort det litt lettare for besøkande – slike som meg – å kome seg opp på fjellhyllene og oppleve desse stadene – og skapt minne for livet, sa Dronninga.

Styret i Storfjordens Venner vedtok i 2016 å heidre minnet om folket på fjord- og fjellgardane langs Storfjorden med eit monument. Resultatet vart tre skulpturar – «Mor med barn», «Slåttekar» og «Høybør». Dei tre skulpturane har fått samlenamnet «Fjordafolket» og vart avduka som ein del av jubileet. Skulpturane er laga av Ola Stavseng og står plasserte ved Norsk Fjordsenter.
Dronning Sonja avduka skulpturen «Høybør» saman med Karl Mjelva, initiativtakar til Storfjordens Venner og den første leiaren av foreininga.

Laurdag kveld var Dronning Sonja til stades ved ein festmiddag på Hotel Union i Geiranger i høve 50-årsjubileet.

Storfjordens Venner





