Hopp til innholdet

Avfall blir drivstoff

Norske Skog ønskjer å vere ein viktig motor i det grøne skiftet. I dag opna Hans Majestet Kongen det nye anlegget for biogass og nanocellulose til Saugbruksforeningen i Halden.

3. april 2017

På omvisning på Norske Skog Saugbrugs bioanlegg i Halden. For anledningen med ørepropper. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Norske Skog Saugbruks opna portane i dag, slik at også publikum kunne ta del i opninga av dei to nye bioanlegga ved fabrikken. Etter opningsseremonien fekk Kong Harald ei omvising i fabrikkanlegget.

– Det går føre seg ei utstrekt forsking og utvikling ved alle fabrikkane til Norske Skog i inn- og utland som vil gje oss heilt nye produkt i åra som kjem, sa Sven Ombudstvedt, konsernsjef i Norske Skog.

Biogass til tungtransport

Det nye biogassanlegget har vore under bygging i nesten to år, og Norske Skog Saugbrugs har investert 150 millionar kroner i prosjektet. Anlegget er bygd i tilknyting til det eksisterande reinseanlegget og vil bruke bioavfall frå papirproduksjonen til å produsere fornybar energi.

Sven Ombudstvedt og Kjell Arve Kure heldt snora da Kong Harald opna anlegget. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Det nye anlegget vil gje inntekter frå sal av biogassen, i tillegg til å redusere kostnadene ved papirproduksjonen. AGA leverer biogass til bussar og lastebilar og vil vere den største kunden. Om lag 70 tunge køyretøy vil bruke drivstoffet frå Saugbrugsforeningen, noko som gjev reduserte CO2-utslepp på om lag 6500 tonn kvart år.

Norske Skog planlegg å byggje biogassanlegg på fleire av fabrikkane sine. Det styrkjer konkurranseevna til fabrikkane og er ein del av arbeidet med å forbetre drifta.

Nanocellulose

Nanocellulose er eit fornybart produkt og har fleire interessante bruksområde. Det kan for eksempel brukast til å forsterke papirbaserte produkt, erstatte plastprodukt eller til fortjukkingsmiddel i for eksempel måling.

Kong Harald på omvising i det nye bioanlegget til Norske Skog Saugbrugs. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet

Prosjektet er støtta av både Enova og Innovasjon Noreg, i tillegg til Sparebank 1 Gruppen og lokale aktørar.

Saugsbruksforeningen

På omvisning på Norske Skog Saugbrugs bioanlegg i Halden. For anledningen med ørepropper. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Feststemning i Halden. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelige hoff.
Kong Harald på omvisning i Norske Skog Saugbrugs nye bioanlegg. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelige hoff.
Sven Ombudstvedt og Kjell Arve Kure holdt snora da Kong Harald åpnet anlegget. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Kongen signerer en plakett til minne om åpningen. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Kongen ble vist rundt av administrerende direktør Kjell Arve Kure. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Ordfører Thor Edquist tok imot, mens Leha Nordlie Nilsen og Fredrik Olsen hadde blomster til Kongen. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix