Bærekraft som konkurransefortrinn
Den Høgvørde Kronprinsregenten var måndag kveld til stades på konferansen Infinitum Think-In på Mesh i Oslo – under kveldsprogrammet som handla om miljøambisiøse prosjekt der næringslivet tek grep.
9. oktober 2018

«I en verden der det grønne skiftet lar vente på seg, er det heldigvis noen som tar saken i egne hender», heiter det på nettsidene til konferansen.
Målet med konferansen er å inspirere med konkrete, gjennomførlege råd og talarar som bidreg til å dytte verda i ei meir berekraftig retning.
Kombinere miljø med økonomisk lønnsemd
Cilia Indahl, berekraftsdirektør i Aker BioMarine, snakka om berekraft som konkurransefortrinn med eksempel frå Tinder og tannpuss. Emily Callahan og Amber Jackson frå Blue Latitudes fortalde om korleis selskapet gjev offshore-konstruksjonar ein miljøvennleg makeover.
På talarlista stod òg kreativ leiar Ludvig Scheja i Triwa, administrerande direktør Stein Rømmerud i Coca Cola Norge, alpinist Aksel Lund Svindal og miljørådgjevar Elin Vatn i arkitektkontoret Snøhetta, som fortalde om sitt ansvar og dei mest miljøambisiøse prosjekta sine.
Førstelektor Per Espen Stoknes ved BI avslutta kveldsprogrammet med å snakke om vår solrike framtid.
Om Infinitum Movement
Kronprins Haakon vart følgd av varaordførar i Oslo Khamshajiny Gunaratnam, Kjell Olav Maldum og Randi Haavik Varberg frå Infinitum og prosjektleiar Maria Jartman i Infinitum Movement, som står bak konferansen.
Prosjektet Infinitum Movement er eigd av Infinitum, føretaket som eig og driv panteordninga. Infinitum Movement har sidan 2014 jobba for å skape engasjement og medvit omkring pant, og klima og miljø generelt.