Besøkte landslaget før VM-kvartfinalen
Den Høgvørde Kronprins Haakon besøkte det norske kvinnelandslaget i fotball før den spennande kvartfinalekampen mot England i går.
28. juni 2019

I desse dagar blir dei avsluttande rundane av verdsmeisterskapet i fotball for kvinner spelt i Frankrike. Det norske landslaget imponerte under gruppespelet og tok seg til kvartfinalen etter å ha slått ut Australia i ein straffesparkkonkurranse i åttedelsfinalen.
Kronprinsen fortalde om fotballfeberen som herja heime i Noreg, og kor morosamt det har vore å følgje med på prestasjonane til jentene.

Med seg til spelarane hadde Kronprinsen òg ei helsing frå Kongen. – Eg skulle helse frå far min, han ser òg på kampane. Han synest de berre speler betre og betre, så hald fram med det, så kjem dette til å gå bra, sa Kronprinsen.

Etter møtet med spelarane var Kronprinsen på plass på tribunen på Stade Océane i den franske byen Le Havre. Her var det nesten 22 000 frammøtte tilskodarar, og norske flagg vaia, og heiarop kunne høyrast utover det store stadionet. Ei strålande ramme for eit mesterskap som har levert mange store idrettsaugneblinkar.
Dessverre gjekk det ikkje heilt vegen for dei norske jentene i kvartfinalen. Trass i mange store sjansar og strafferedning frå Noregs keeper enda det med eit 0–3-tap mot det engelske landslaget.

