Besøkte rusfri avfallsbedrift
Kronprinsparet vart med ut på ruta til renovasjonssjåfør Svein i dag. Han er tilsett i den vesle bedrifta Medarbeiderne i Oslo som berre rekrutterer medarbeidarar med rusbakgrunn.
8. desember 2017

Bedrifta gjer kjeldesortering enklare for over 1000 husstandar i Oslo.
Dei Høgvørde Kongelege Kronprinsen og Kronprinsessa fekk utlevert arbeidsantrekk og vart med Medarbeiderne ut på Godlia i Oslo for å hente glas- og metallemballasje heime på trappa hos kundar.

– Gje folk ein sjanse
– Vi er ein ordinær arbeidsplass, og ambisjonen er å tene våre eigne pengar utan ekstern støtte, seier gründer og dagleg leiar Chris Klemmetvold i Medarbeiderne.
– Dette er ressurssterke folk. Det handlar om å gje folk som fortener det, ein sjanse. Folk som har slutta med rus, kan òg jobbe.
Vaflar og bordtennis
Etter å ha sett korleis bedrifta kjeldesorterer, vart Kronprinsparet med på kontoret for å spele bordtennis, ete vaflar og snakke med nokre av dei tilsette.
Medarbeiderne har 15 tilsette og har både privathushald og bedrifter som kundar.

