Besøkte Sentrum brannstasjon
Den Høgvørde Prinsesse Ingrid Alexandra og Prins Sverre Magnus besøkte Sentrum brannstasjon i Oslo. Der fekk dei høyre om arbeidsdagen til dei tilsette og den viktige innsatsen brann- og redningstenesta gjer.
16. desember 2025

Besøket fann stad i forkant av førjulsstund i Slottskapellet i kveld. Kronprinsparet har invitert gjester frå nødetatane, og Prinsessen og Prinsen deltek òg her.
Då Prinsesse Ingrid Alexandra og Prins Sverre Magnus kom til Sentrum brannstasjon, fekk dei først ei orientering om hjartet i brannstasjonen – garasjen. Her møtte dei mannskapet, før dei fekk ei omvising i rein og skitten sone.

Fekk teste utstyr
Sentrum brannstasjon i Bjørvika skil mellom ei rein og ei skitten sone inne i stasjonsbygget. Dette er kritisk for effektiv drift, og det er viktig for å redusere risikoen for kreft og andre sjukdommar ved å minimere kontakt med kreftframkallande stoff som sot.
I lunsjrommet åt Prinsessen og Prinsen lunsj saman med vaktlaget. Etter lunsjen fekk dei ei orientering og presentasjon av ulikt utstyr og materiell. Dei fekk mellom anna prøve å ta på komplett røykdykkerutstyr og teste å gå i dette.
Besøket vart avslutta med testing av høgdemateriell, der Prinsesse Ingrid Alexandra og Prins Sverre Magnus vart løfta i kurven på ein kranbil heile 32 meter over bakken.
