Hopp til innholdet

Besøkte "Troll" på Beitostølen

I dag besøkte Prinsesse Märtha Louise ”Troll 2010” på Beitostølen Helsesportsenter. "Troll" er eit tilbod for vaksne med ulike former for muskelsjukdommar, arrangert i samarbeid med Foreningen for Muskelsyke.

21. september 2010

Under besøket var Prinsessa med deltakarane rundt på mange av dei ulike aktivitetane: fysioterapi, bassengtrening, klatring, badminton og sykling. Prinsessa prøvde sjølv både liggjesykkel og handsykkel. Etter ei omvising i aktivitetshjelpsbygget vart besøket avslutta med ein hyggeleg felleslunsj i kantina.

Rehabilitering gjennom aktivitet

Beitostølen Helseportsenter er ein rehabiliteringsinstitusjon for barn, unge og vaksne med nedsett funksjonsevne og har fokus på tilpassa fysisk aktivitet. Senteret vart opna for 40 år sidan av daverande Kronprins Harald.

Målet med det fire veker lange opphaldet ”Troll” er blant anna å heve kompetansen på eigen sjukdom, auke innsikta i eiga funksjonsevne, gjennomføre aktivitetar ut frå eigne premissar, erfaringsutveksling og utviding av det sosiale nettverket. Opphaldet blir tilpassa dei ulike deltakarane, slik at sjølv dei som er svært fysisk svake og har vanskeleg for å henge med på andre gruppeprogram, skal kunne vere med.

"Troll"

Namnet ”Troll” er henta frå desse omgrepa:

T = Tålmod
R = Rehabilitering
O = Oppleving
L = Likeverd
L = Livsglede

Prinsesse Märtha Louise er beskyttar for Foreningen for Muskelsyke.

Troll 2010

Prinsessen fikk blant annet prøve liggesykkel under besøket på Beitostølen (Foto: Reidar G. Hagen, BHSS)
Prinsessen fikk blant annet prøve liggesykkel under besøket på Beitostølen (Foto: Reidar G. Hagen, BHSS)
Klatrevegg er blant tilbudene på Helsesportsenteret (Foto: Reidar G. Hagen, BHSS)
Fra omvisningen på Beitostølen Helsesportsenter (Foto: Reidar G. Hagen, BHSS)
Fra omvisningen på Beitostølen Helsesportsenter (Foto: Reidar G. Hagen, BHSS)