Hopp til innholdet

Bislett games 2008

DD.KK.HH. Kronprinsen og Kronprinsessa overvar Golden League-stemnet Bislett Games fredag 6. juni.

9. juni 2008

Da dei kom til stadion, vart Kronprinsparet mottekne av ordførar i Oslo Fabian Stang, styreleiar i Bislett Alliansen Ivar Egeberg og stemnedirektør for Bislett Games Svein Arne Hansen.

Kronprinsen delte ut medalje til vinnaren av 5000 m, Tirunesh Dibaba frå Etiopia. Ho sette verdsrekord på distansen, og den nye rekorden er på 14.11,15.

Kronprinsparet fekk òg sjå Andreas Thorkildsen vinne spydkonkurransen med eit kast på 87,73 m i siste omgang.

Bislett Alliansen har arrangert Bislett Games sidan 1966. Leikane i år er eitt av seks friidrettsstemne i Golden League, der premien går til den eller dei av deltakarane som maktar å vinne sin disiplin på alle seks stemna.

Bislett games 2008

Kronprinsparet ved ankomsten til Golden League-stevne på Bislett stadion (Foto: Marius Gulliksrud, Stella Pictures)
Andreas Thorkildsen vant spydkonkurransen under stevnet lørdag (Foto: Stian Lysberg Solum, Scanpix)
Kroprinsparet på tribunen under årets Bislett Games og Golden League-stevne (Foto: Marius Gulliksrud, Stella Pictures)
Kronprinsen delte ut gullmedaljen Tirunesh Dibaba fra Etiopia, som vant 5000 meteren på ny verdensrekord (Foto: Marius Gulliksrud, Stella Pictures)