Hopp til innholdet

Canadas generalguvernør i audiens

Canadas generalguvernør, Hennar Eksellense Mary Simon, er i Noreg og var i dag i audiens på Slottet. Generalguvernøren kjem rett frå Tromsø, der ho har deltatt på den internasjonale konferansen Arctic Frontiers.

4. februar 2026

Offisielt bilde fra Fugleværelset.
Kong Harald, Dronning Sonja og Kronprins Haakon var til stades for å ønske Canadas generalguvernør Mary Simon og Whit Fraser velkomen. Foto: Ola Vatn, Det kongelege hoffet

Hans Majestet Kong Harald tok imot den kanadiske generalguvernøren og herr Whit Fraser i audiens i føremiddag. Hennar Majestet Dronninga og Den Høgvørde Kronprinsen var òg til stades under audiensen.

Offisielt bilde med Kong Harald og Mary Simon i Fugleværelset.
Offisiell fotografering i Fugleværelset. Foto: Ola Vatn, Det kongelege hoffet
Gardistene står på rett linje.
Hans Majestet Kongens Garde tek oppstilling i Øvre vestibyle på Slottet. Foto: Ola Vatn, Det kongelege hoffet
Mary Simon sitter ved et skrivebord og signerer sin hilsen.
Canadas generalguvernør Mary Simon signerer protokollen på Slottet. Foto: Ola Vatn, Det kongelege hoffet

Det er første gongen den kanadiske generalguvernøren besøkjer Noreg sidan Michaëlle Jean var på statsbesøk i 2009. Generalguvernøren reiser no vidare til Danmark og Grønland.

Generalguvernøren i Canada representerer Hans Majestet Kong Charles, Canadas statsoverhovud, og utfører seremonielle og konstitusjonelle plikter.