Dåp av ny redningsskøyte
Prinsesse Astrid, fru Ferner var til stades da den nyaste redningsskøyta til Redningsselskapet vart døypt ved Norsk Maritimt Museum onsdag ettermiddag. Skøyta fekk namnet "Prinsesse Ragnhild".
15. august 2019

Den nye redningsskøyta skal etter planen stasjonerast i Horten, der ho vil bidra til å auke øke beredskapen i Ytre Oslofjord.
Dåpsseremoni på Bygdøy
Den nye redningsskøyta ber namnet til søster til Hans Majestet Kongen og Prinsesse Astrid, Prinsesse Ragnhild, som gjekk bort i 2012. Den yngste dottera til Prinsesse Ragnhild, Ragnhild Lorentzen, var gudmor.

Generalsekretær Rikke Lind introduserte gudmora til skipet, som kom sjøvegen på ein av redningsscooterane til Redningsselskapet. Hjelpt i land på kaikanten ved museet stod Ragnhild Lorentzen for dåpshandlinga av redningsskøyta. "Eg døyper deg "Prinsesse Ragnhild". Må hell og lykke følgje deg og mannskapet ditt i di ansvarsfulle gjerning langs den norske kysten", sa Ragnhild Lorentzen før ho sende champagneflaska mot skutesida.

Prinsesse Astrid var den første til å gratulere gudmora, og saman beundra dei to den nye redningsskøyta der ho låg ved brygga på Bygdøy. Prinsesse Astrid nytta òg høvet til å helse på mannskapet som skal tenestegjere om bord.

Majorstua Kammerkor bidrog til seremonien med "Ve no velkomna med æra", og Helene Bøksle og Ingunn Kindem førte fram eit forrykkande musikalsk nummer på bryggekanten.

Skøyte 170
"Prinsesse Ragnhild" blir den 170. skøyta til Redningsselskapet sidan Norsk Selskab Til Skibbrudnes Redning vart stifta i 1891. Den nye redningsskøyta høyrer til den såkalla Staff-klassen og er bygd av Hydrolift i Fredrikstad. Skipet har ein toppfart på 45 knop og skal ha eit mannskap på tre frå sjøredningskorpset. Skøyta er gjeve i gåve av Erling Lorentzen, som var gift med Prinsesse Ragnhild, og parets tre barn Haakon Lorentzen, Ingeborg Lorentzen Ribeiro og Ragnhild Lorentzen.

– Dåpen er eit flott høve til å setje fokus på betre sjøtryggleik. Denne sommaren har vi sett at altfor mange har drukna. Vi skal jobbe både med førebygging og med betre beredskap, noko vi får med den nye redningsskøyta, seier generalsekretær Rikke Lind.
Redningsskøyta Prinsesse Ragnhild







