Hopp til innholdet

Delte ut musikkprisen

Fiolinisten Mayumi Kanagawa (22) gjekk av med sigeren i Prinsesse Astrid Internasjonale Musikkpris torsdag kveld. Prinsesse Astrid, fru Ferner delte sjølv ut prisen til vinnaren.

2. desember 2016

Den amerikanske fiolinisten Mayumi Kanagawa gikk av med seieren i Prinsesse Astrids Musikkpris 2016. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelige hoff

Norske Ludvig Gudim vart nummer to, og han vart òg tildelt «Finn Audun Oftedals minnestipend» som beste norske utøvar i konkurransen.

Ni fiolinistar passerte nålauget til den internasjonale juryen ved årets konkurranse. To frå Noreg, éin frå Japan, fire frå USA, éin frå Tyskland og éin frå Australia. I alt var det påmeldt 90 kandidatar frå heile verda. Tre gjekk vidare til torsdagens finale i Olavshallen i Trondheim.

Skarp konkurranse

Dei tre finalistane Ludvig Gudim frå Noreg, Mayumi Kanagawa frå USA og Suyeon Kang frå Australia framførte to stykke kvar under finalekonserten, som vart dirigert av finsk-svenske Anna-Maria Helsing. Det var stor spenning i salen da juryleiar professor Elise Båtnes kunngjorde at den amerikanske fiolinisten hadde vunne. I tillegg til prispengane inngår eit solistoppdrag med Trondheim Symfoniorkester i førstepremien.

Etablert i 1953

Prinsesse Astrid Internasjonale Musikkpris vart etablert i 1953. Han blir delt ut til musikarar under 30 år. Kva for eit instrument det skal konkurrerast i, varierer og blir utlyst år for år.

Konkurransen blir halden annakvart år og alternerer med Dronning Sonja Internasjonale Musikkonkurranse. Trondheim Symfoniorkester organiserer konkurransen, og det var den daverande dirigenten i orkesteret, Finn Audun Oftedal, som tok initiativet til at prisen vart etablert. Pianisten Kjell Bækkelund var den første som vann prisen, etterfølgd av fiolinisten Arve Tellefsen i 1956.

Prinsesse Astrid, fru Ferner er konkurransens høge beskyttar.

Prinsesse Astrids Musikkpris 2016

Den amerikanske fiolinisten Mayumi Kanagawa gikk av med seieren i Prinsesse Astrids Musikkpris 2016. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelige hoff
Vinneren Mayumi Kanagawa under finalekonserten i Prinsesse Astrids Musikkpris 2016. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelige hoff
Ludvig Gudim under finalekonserten i Prinsesse Astrids Musikkpris 2016. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelige hoff
Ludvig Gudim ble nummer to og beste norske deltaker i Prinsesse Astrids Musikkpris 2016. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelige hoff