Hopp til innholdet

Delte ut pris til beste spelar

Kronprinsparet delte ut prisen til beste spelar i kampen, Simen Lyse, i Noregs siste gruppespelskamp i handball-VM på heimebane.

20. januar 2025

Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit saman med beste spelar i kampen, Simen Lyse. Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Simen Lyse skåra ni mål, men det heldt ikkje til siger mot Portugal, som kunne juble for 31-28-siger i Unity Arena på Fornebu i går kveld.

Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit saman med beste spelar i kampen, Simen Lyse. Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Publikumsrekord

Den Høgvørde Kronprinsen og Den Høgvørde Kronprinsessa såg kampen frå tribuneplass, saman med Prins Sverre Magnus.

Heile 11 345 tilskodarar skapte ei fantastisk ramme rundt kampen. Det er publikumsrekord for ein landskamp i handball på norsk jord. Den førre rekorden vart sett på Lillehammer under VM-finalen for kvinner i 1999.

No ventar hovudrunden for dei norske handballgutane.

Eit rekordstort heimepublikum følgde kampen. Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Møtte spelarane

Kronprinsparet og Prins Sverre Magnus besøkte spelarar og støtteapparat i garderoben etter kampen.

– Bra kjempa i dag. Det var moro å sjå på dykk, sjølv om det ikkje nådde heilt inn. De kjempa bra. Lykke til med dei neste tre kampane, sa Kronprinsen.

Kronprinsparet og Prins Sverre Magnus på tribunen saman med handballpresident Kåre Geir Lio. Foto: REUTERS/Susana Vera

Håndball-VM 2025 siste gruppespillskamp

Simen Lyse under Noregs siste gruppespelskamp i handball-VM. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB