Delte ut Regnmakarpris
– Eg veit at de alle har jobba masse med energi før Vennergidagen, og kvar einaste skole hadde fortent denne prisen, sa H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit da ho delte ut prisen ”Årets regnmakarskole” på Regnmakaranes Vennergidag i dag.
27. mai 2010
Skolen som vann, vart Evje skole i Bærum;
– Dette er ein pris som gjeld for heile landet, og han går til ein skole som har jobba iherdig med klima og energi i fleire år, fortalde Kronprinsessa frå scenen og gav prisen til tre utvalde elevar frå miljø-skolen Evje.
Ein dag full av energi
Målet for Vennergidagen er å byggje kunnskap om energi og klima i samarbeid med skolen. Over 5000 frammøtte elevar fekk prøve seg på alt frå taukamp til skyting med plastflaskekanonar. Også Kronprinsessa vart utfordra blant anna i eit eksperiment som bestod av cola light og pastillar.
På programmet
Arrangementet vart halde på Domkirkeodden i Hamar, og ei mengd aktivitetar stod på programmet:
- Kjende artistar
- Regnmakardans og song; "Vinden blåser vår vei"
- Klatrenett
- Miniteater, gjøglarar og oppvisningar
- Musefellebilrace
- Kjempesprettert
- Regnmakartelt med dans og song
Vennergidagen vart avslutta med prisutdeling og show leidd av Stian Barsnes Simonsen. I steikjande sol vart Kronprinsesse Mette-Marit og barna underhaldne av artistar som Wenche Knutsson og Bjørn Johan Muri.




