Hopp til innholdet

Deltok i skuleundervisning om KI og kjeldekritikk

Den Høgvørde Kronprinsen besøkte Eidsvoll vidaregåande skule. Saman med skuleelevar deltok han i eit undervisningsopplegg om kunstig intelligens og kjeldekritikk.

4. november 2025

Kronprins Haakon sit på første rad saman med fire elevar.
Kronprinsen deltok i undervisninga saman med elevar frå tredje trinn. Foto: Cornelius Poppe / NTB

Undervisningsopplegget vart halde i regi av Store norske leksikon. Timen saman med elevane frå tredje trinn ved Eidsvoll vidaregåande skule hadde fokus på korleis kunstig intelligens utfordrar korleis vi forheld oss til kunnskap og læring.

Tett på Kronprins Haakon som vinkar. Ved sida av går ein elev.
Varm velkomst i skulegarden. Foto: Cornelius Poppe / NTB

Elevane fekk først ei innføring ved redaktør i Store norske leksikon Kjell-Olav Hovde og sjefredaktør Erik Bolstad. Deretter vart klassen delt opp i grupper, som saman diskuterte ulike moglegheiter og utfordringar knytte til kunstig intelligens.

Fekk omvising på skulen

I forkant av undervisningstimen med Store norske leksikon fekk Kronprinsen ei omvising ved Eidsvoll vidaregåande skule. Skulen har 720 elevplassar og tilbyr opplæring i sju programområde i tillegg til alternativ opplæring.

Kronprinsen møtte elevar frå mellom anna helse- og omsorgsfag, tømrar- og murarfaget.

Kronprins Haakon møtte mange elevar under omvisinga på skulen. Foto: Sara Svanemyr, Det kongelege hoffet
Gruppediskusjonar med elevane. Foto: Sara Svanemyr, Det kongelege hoffet