Det 162. stortinget høgtideleg opna
I føremiddag stod Hans Majestet Kongen for opninga av det 162. stortinget. Den høgtidelege seremonien følgjer tradisjonen slik han er nedfelt i Grunnlova § 74.
9. oktober 2017

– Eg helsar Stortinget velkommen til ansvarsfullt arbeid og ønskjer at det må bli til gagn for fedrelandet. Slik lyder den tradisjonsrike inngangen til Hans Majestet Kongens Trontale. Den høgtidelege seremonien følgjer tradisjonen slik han er nedfelt i Grunnlova § 74. Normalt blir opninga gjennomført den første kvardagen i oktober, men når det – som i år – er valår, skjer opninga ei veke seinare.

Dette er normalt den einaste gongen Kongen besøkjer Stortinget i løpet av et år, og den einaste gongen i året både Konge, Regjering, Storting og Høgsterett er samla.
Trontalen og tilstanden i riket
Trontalen er eitt av to element under seremonien: Trontalen blir halden av Kongen på vegner av Regjeringa og trekkjer opp hovudlinene i Regjeringa sin politikk kommande år. I morgon følgjer trontaledebatten, der regjering og opposisjon diskuterer sentrale moment i talen.
Etter Trontalen følgjer utgreiinga om tilstanden i riket. Det er ein gjennomgang av det Regjeringa har oppnådd det siste året, og tradisjonen tilseier at det er den yngste medlemmen av Regjeringa som held talen. Denne gongen var det fungerande kunnskapsminister Henrik Asheim som tok seg av oppgåva.
Når utgreiinga er ferdig, overrekkjer statsministeren talen til Kongen, som så overrekkjer både Trontalen og utgreiinga om tilstanden i riket til Stortingspresidenten. Stortingspresidenten har den høgaste stillinga i landet etter Kongen.

Hennar Majestet Dronninga og Den Høgvørde Kronprins Haakon følgde Kongen ved seremonien.
Seremoni fastlagd av Grunnlova
Seremonien rundt opninga av Stortinget er fastlagd i Grunnlova § 74:
«Så snart Stortinget har konstituert seg, opnar kongen eller den han set til det, forhandlingane med ei tale om tilstanden i riket og dei emna han særleg vil gjere Stortinget merksam på. Inga drøfting må skje med kongen til stades.»





