Hopp til innholdet

Dronning Sonja besøkte Sarpsborg

Sarpsborg er den einaste byen som er grunnlagd av Olav den heilage, og vertskommune for jubileumsstafetten i 2026. Hennar Majestet Dronninga besøkte i dag Sarpsborg hovudbibliotek i samband med Nasjonaljubileet 2030 og årets jubileumsstafett.

12. juni 2026

Dronning Sonja i profil medan ho vinkar.
Dronning Sonja besøker Sarpsborg bibliotek. Her saman med ordførar Magnus Arnesen. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet

Jubileumsstafetten starta allereie i 2021 og er ei opplading til Nasjonaljubileet 2030. Jubileet markerer at det i 2030 er 1000 år sidan slaget på Stiklestad. Her døydde vikingkongen Olav Haraldsson, seinare kjend som Olav den heilage. 1030 vart ein milepæl for riksdanninga og kristninga av landet, framveksten av Noreg slik vi kjenner det.

Under besøket på Sarpsborg hovudbibliotek fekk Dronning Sonja sjå korleis jubileumsstafetten 2026 engasjerer barn og unge i Sarpsborg. Grunnskuleelevane i kommunen har arbeidd med eit prosjekt rundt tematikken «Slekt og samfunn», som er årets tema.

Dronning Sonja vinkar til dei fem førsteklassingane som sit rundt eit bord med pynta boksar.
Dronning Sonja møter førsteklassingane frå Tindlund barneskule som har lært om spor og korleis historikarar og arkeologar leitar etter spor frå fortida. Dei viser fram flotte sporjegerboksar, som dei har pynta og fylt med spor frå eige liv. Elevane hadde òg laga ei eiga boks til Dronninga. Foto: Lise Åserud / NTB
Jenny ser rett i kamera mens hun holder i blomsterbukett i hendene.
Andreklassingane Zubeir Hassan Sayed og Jenny Victoria Bjercke står klare med blomar. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet
Dronning Sonja, ordfører, stortingspresident, plenumsleder studerer
Dronning Sonja møter elevrådsleiarar som har bidrege til å skrive verdibrev som blir stilte ut saman med Olavsflammen, eit viktig symbol for Nasjonaljubileet 2030. Foto: Lise Åserud / NTB

Leiar for den nasjonale jubileumskomiteen, stortingspresident Masud Gharahkhani, og plenumsleiar frå Sametinget, Sandra Márjá West, presenterte den nye profilen for Nasjonaljubileet 2030. Stortingspresidenten viste til at vi i logoen finn element frå riksvåpenet, kongekrona og den blå kongekappa – og understreka vidare:

– Den symbolske veven er teken inn som eit uttrykk for at Noreg er vove saman av mange ulike historier. Nasjonaljubileet sitt hårete mål er å invitere heile landet til ein stor samtale om kva Noreg har vore, kva Noreg er, og kva framtidas Noreg kan og bør vere, sa stortingspresident Masud Gharahkhani.

Plenumsleiaren frå Sametinget viste òg til at logoen også har tekst på dei samiske språka og språket til dei fem nasjonale minoritetane vi har i Noreg – kvener/norskfinnar, jødar, skogfinnar, romar og romanifolk/tatarar.

Trine står oppreist og snakkar framfor forsamlinga.
Trine Roppestad Nes (20) framfører eit utdrag frå framsyninga «Når vi tar ordet!». Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet

Hedda Gutubakken presenterte prosjektet «Når vi tek ordet!», og Trine Roppestad Nes imponerte med ein eigenkomponert monolog frå framsyninga, som er Sarpsborg sitt bidrag til Nasjonaljubileet si satsing «Ungdommens Hærpil», laga i samarbeid med Diorama Musikalteater.

Dronninga fekk òg sjå Olavsflammen som står utstilt på biblioteket, og møte elevrådsleiarar som har bidrege til å skrive verdibrev som blir stilte ut saman med Olavsflammen.