Hopp til innholdet

Dronninga feira Norsk Bremuseum

Hennar Majestet Dronninga var i går til stades ved markeringa av 30-årsjubileet til Norsk Bremuseum ved foten av Jostedalsbreen i Fjærland.

23. mai 2022

Dronninga og museumsdirektør Anne Mundal Skjelten. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet

Norsk Bremuseum spreier kunnskap om isbrear og klima – og det ligg vakkert til inst i Fjærlandsfjorden, med Jostedalsbreen i bakgrunnen.

Jostedalsbreen er 474 kvadratkilometer stor og dermed den største isbreen på det europeiske fastlandet.

Opna museet

Fem år gamle Knut Mundal overrekte Dronninga blomster da ho kom til jubileumsmarkeringa ved Norsk Bremuseum – eit museum Dronninga offisielt opna 31. mai 1991. Året før la Dronninga – som kronprinsesse – ned grunnsteinen til museet.

Norsk Bremuseum i Fjærland. Bygningen er teikna av den verdskjende arkitekten Sverre Fehn. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet

Jubileumsmarkering

Ute på museumsplenen vart det diktlesing, helsingar til jubilanten og vakker song av barne- og ungdomskoret i Fjærland og Fjærland kammerkor.

Opphavleg skulle jubileet ha vore markert i fjor, men på grunn av pandemien måtte markeringa utsetjast til i år.

Dronninga og museumsdirektør Anne Mundal Skjelten. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet

Den tidlegare direktøren ved Polarinstituttet, geolog og glasiolog (isforskar) Olav Orheim, heldt eit kåseri om historia til bremuseet – frå ideen om eit bremuseum vart unnfanga, og fram til i dag.

Orheim var – som Dronninga – til stades ved opninga for 31 år sidan. Olav Orheim er oppvaksen i Fjærland og gjekk alt som tiåring sin første tur på Jostedalsbreen. Som 18-åring vart han patentførar på isbreen – ein fjellførar med fokus på fjellsport og tryggleik – for Den Norske Turistforening. Olav Orheim har forska på is og klima, og han har leidd ei rekkje vitskaplege ekspedisjonar til polare strøk.

Jubileumsmarkeringa vart avslutta med ein festmiddag på Fjærland Fjordstove Hotell.

Norsk Bremuseum

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten er ein privat stiftelse oppretta av Norsk Polarinstitutt, Noregs vassdrags- og energidirektorat, Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet, Den Norske Turistforening og International Glaciological Society.

Den Høgvørde Kronprinsen talte under 25-årsjubileet til museet.

– Det er imponerande at ein liten stad klarer å markere seg så sterkt internasjonalt – i kraft av å kunne tilby vakker natur, solid kunnskap, eit levande forskingsmiljø, fengjande formidling og Sverre Fehns verdskjende arkitektur, sa Kronprinsen i talen sin i 2016.

Dronning Sonja opnar Norsk Bremuseum i Fjærland 31. mai 1991. Foto: Torolf Engen, NTB

Norsk Bremuseum 30 år

Dronning Sonja i Fjærland. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet
Fem år gamle Knut Mundal overrekte Dronninga blomster. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet
Norsk Bremuseum i Fjærland. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet
Dronninga og museumsdirektør Anne Mundal Skjelten. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet
Norsk Bremuseum i Fjærland. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet
Kronprinsesse Sonja la ned grunnsteinen til museet i 1990. Foto: Norsk Bremuseum
Dronning Sonja opnar Norsk Bremuseum i Fjærland 31. mai 1991. Foto: Torolf Engen, NTB
Dronning Sonja åpner Norsk Bremuseum i Fjærland 31. mai 1991. Her er Ivo Caprino i samtale med Dronningen. Foto: Torolf Engen /NTB
Kronprins Haakon var til stades ved Norsk Bremuseums 25-årsjubileum i 2016 og fekk den gongen ei innføring i korleis breane i Noreg utviklar seg. Foto: Joar Offerdal Vatlestad, Sogn Avis