Dronninga møtte ukrainske flyktningar
Oslo Sanitetsforening har laga ein trygg og sosial møteplass for ukrainarar som har flykta frå krigen i heimlandet. På treffet sist måndag kom Hennar Majestet Dronning Sonja på besøk.
1. februar 2023

Zakhar (9) og Solomiia (7) hadde fått oppdraget med å overlevere fastelavnsris til Dronninga og var kledde i ukrainsk brodert bluse og skjorte. Dei har begynt på skule i Noreg og imponerte med å snakke med Dronninga på norsk.
Dronning Sonja vart òg ønskt velkommen av ordførar i Oslo Marianne Borgen, generalsekretær Malin Stensønes i Norske Kvinners Sanitetsforening og dagleg leiar Goke Bressers i Oslo Sanitetsforening.

Ukrainsk song, mat og aktivitetar
Under det halvannan time lange besøket fekk Dronninga ta del nokre av aktivitetane som skjer på dei opne treffa kvar veke. Det vart laga tradisjonell ukrainsk raudbetsuppe – borsj – som Dronninga fekk smake på. Og ho fekk høyre ukrainsk song.

Fire av kvinnene delte historiene sine med Dronning Sonja. Dei fortalde litt om bakgrunnen sin, om bekymringar for heimesituasjonen og om det nye livet her i Noreg.
Hos Oslo Sanitetsforening – i ein gammal, ærverdig villa på Smestad – kjem dei kvar veke for å møte andre som er i same situasjon, kommunisere på eige språk og dele erfaringar. Oslo Sanitetsforening tilbyr kunnskap om det norske samfunnet, norsk språktrening og hjelp med å byggje eit nettverk i Noreg.

Over heile landet
Opne treff for ukrainske flyktningar i Oslo har vorte arrangerte sidan 16. mai i fjor og samlar kvar veke mellom 15 og 30 personar.
Norske Kvinners Sanitetsforening har sidan krigen braut ut for snart eitt år sidan, vore blant dei frivillige organisasjonane som har hjelpt til med å ta imot flyktningar frå det krigsherja landet og gjennom aktivitet bidrege til integrering og inkludering.
Oslo Sanitetsforening


