Dronninga opna nye Ruseløkka skole
Mange barn og unge er tilbake på skolen etter sommarferien. Elevar og tilsette ved 150-årsjubilanten Ruseløkka skole i Oslo sentrum vart møtte av eit splitter nytt skoleanlegg.
16. august 2021

– Eg er heilt sikker på at de alle får godt utbytte av tilboda som finst i dette bygget, sa Hennar Majestet Dronning Sonja i ein spontan tale før ho klipte det offisielle bandet frå ein scene i skolegarden.

Bandet vart halde av to av elevane ved skolen. Lukas Lorang Amundsen gjekk kledd i klede som representerte motebiletet frå 1871, og Maya Syed gjekk kledd for 2021 – for å markere den 150 år lange historia til skolen.
– Eg ønskjer dykk all lykke til med dei neste 150 åra. Og så trur eg de har nokon flotte lærarkrefter. De har ein god skole. De har alle sjansar til å bli kjempeflinke. Gratulerer med dagen! Gratulerer med skolen! Og lykke til, sa Dronninga vidare.

Opning i skolegarden
I ein solrik og støyskjerma skolegard midt mellom forretningsbygg stod i overkant av 500 elevar, lærarar og inviterte gjester.
Det vart ei storstilt feiring i skolegarden med song av Det Norske Jentekor, dans og song av elevane og talar frå rektor Merete Hansen, ordførar Marianne Borgen, byråd for oppvekst og kunnskap Inga Marte Thorkildsen, direktør for utdanningsetaten Marte Gerhardsen og byråd for næring og eigarskap Viktoria Marie Evensen.
Omvising av to elevar
Dronning Sonja vart vist rundt på den nye skolen av tiandeklassingane Shawn Luke San Jose Baluyot og Christine Karin Wendel. Med i følgjet var rektor, ordførar og direktøren for utdanningsetaten. Elevar ved skolen har vore aktivt med i valet av alt frå kunst på veggene, leikeapparat og utforming.

Omvisinga gjekk frå «hjartet» av bygget med kunnskapstrapp, bibliotek og allrom i første etasje, forbi trappeløp med kunst av Peder Bugge og Apichaya Wantiang og til sjette etasje og taket med store uteområde med vakker utsikt over Oslo.
I eit av klasseromma i øvste etasje viste tiandeklassingane Maximilian Michelsen Zakariassen og Elven Baloku ein demonstrasjon av programmering saman med lærar Mari Melvær Langaas. Omvisinga vart avslutta i den store dansesalen og gymsalen ved skolen.
Høge miljøambisjonar
Den nye skolen har solceller på fasaden, og på ein skjerm i aulaen kan alle følgje med på kor mykje skolen forbruker til kvar tid. Nye Ruseløkka skole har høge miljøambisjonar og er ein såkalla nullutsleppsskole.
Ruseløkka skole har i underkant av 700 elevar frå 1. til 10. klasse.

Ruseløkka skole


