Dronninga på Dovre
Ved Hjerleid handverksskole blir tradisjonshandverket halde høgt i hevd. I dag besøkte Hennar Majestet Dronninga smedar, treskjerarar og laftarar på Dovre.
9. september 2020

Besøket starta med ei orientering om skolen og handverkssenteret. Fleire kulturbaserte verksemder held til her – både skole, organisasjonar og små bedrifter. Dronninga fekk høyre om verksemda før ei omvising der ho møtte både lærarar og elevar.

Handverksskolen på Hjerleid er landets einaste vidaregåande skole med Vg2 i Design og trearbeid og Vg2 i Smed med vekt på treskjering og smiing. Etter avslutta læretid kan ein avleggje sveineprøve som smed eller treskjerar.

Hjerleid "Håndgjerningsskole for gutter" vart etablert i 1886. På denne tida vart det oppretta handverks- og husflidsskolar over heile landet, blant anna for å ta vare på folkekunsten etter kvart som industrialiseringa overtok mange av dei tradisjonelle oppgåvene til handverkarane.

I dag er skolen godkjend for inntil 90 elevar i tradisjonshandverksfag. For å sikre rekrutteringa til desse verneverdige faga kan skolen ta inn elevar frå heile landet og inntil 30 vaksne elevar.

På Dovre handverkssenter fekk Dronninga helse på Steinar Moldal. I 2014 vart han tildelt Riksantikvarens minnepris saman med rektor Helle Hundevadt. Inne i ein stor hall på området kunne Dronning Sonja sjå eit lafta bygg som blir sett opp ved hjelp av mange ulike lafteteknikkar.
Huset skal plukkast ned att og setjast opp på området.

Hjerleid skole og handverkssenter er eit kompetansesenter for tradisjonshandverk og bygningsvern. Dei ønskjer seg fleire etablerte verkstader i lokala og at fleire skapande verksemder skal samlokaliserast på Hjerleid.
Hjerleid - Dovre


