Hopp til innholdet

Dronninga sine inntrykk frå Noreg

I kveld heldt Hennar Majestet Dronning Sonja biletkåseriet "Impressions of Norway" for Hans Majestet Kongen og 200 representantar frå norsk og utanlandsk reiselivsbransje. Foredraget byggjer på Dronninga sine eigne bilete og opplevingar av norsk natur.

27. november 2012

Dronningen sitter på en sten og ser ut over fjellandskapet. Hun er kledd i turklær, med rød anorakk og solbriller.
Dronningen i Lofoten, på fottur over Matmora og Delpen. Foto: Privat, Det kongelige hoff | Last nedLisensinformasjon

Dronning Sonja har gjennom mange år utforska Noreg på kryss og tvers, til fots og på ski og til alle årstider. Ho er òg ein ivrig fotograf. I kveld delte ho nokre av opplevingane sine.

Reisa gjekk frå Lillehammer og Oslo, via Finse og Hardanger, til Lofoten. Dronninga viste fram landet gjennom alle fire årstider og i både godt og mindre godt vêr for reiselivsrepresentantar frå ti ulike land.

Innovasjon Noreg stod bak arrangementet i Nobels Fredssenter, der også årets Reiselivspris vart delt ut.

Reiselivsprisen 2012

Kvart år kårar Innovasjon Noreg årets reiselivsbedrift. Reiselivsprisen går til den bedrifta som har introdusert ei ny og innovativ reiselivsoppleving eller vidareutvikla ei eksisterande. Opplevinga skal ha ein positiv innverknad på Noreg som reisemål.

Dei nominerte i år var

  • Høgt og lågt aktivitetspark AS, som tilbyr apparat i tre og løyper med ulik vanskegrad. Alle aktivitetane er tilrettelagde på ein berekraftig måte, slik at dei ikkje øydelegg eller gjer skade på omgjevnadene
  • XXLofoten AS, som organiserer små og store events, kongressar og konferansar, opplevingar og nesten alle former for utandørsaktivitetar i Lofoten
  • Skistar Norge AS, som gjennom skiferieopplevingane sine har sørgd for at Trysil og Hemsedal er sterke internasjonale alpindestinasjonar

Etter ein videopresentasjon av dei tre nominerte annonserte Innovasjon Noreg vinnaren, og Dronning Sonja kunne gratulere XXLofoten som Årets reiselivsbedrift.

Impressions of Norway

Dronningen sitter på en sten og ser ut over fjellandskapet. Hun er kledd i turklær, med rød anorakk og solbriller.
Dronningen i Lofoten, på fottur over Matmora og Delpen. Foto: Privat, Det kongelige hoff | Last nedLisensinformasjon
Dronningen på fottur over Matmora. Foto: Privat, Det kongelige hoff
Dronning Sonja er godt pakket inn turklær på fjellet, men sikten er dårlig. Det snør.
Været er ikke alltid like godt... Foto: Privat, Det kongelige hoff
Dronningen ved Kaldevasshytta mellom Bergensbanen og Hardangerfjorden (Foto: Privat, Det kongelige hoff)
Dronning Sonja i turutstyr, solbriller og skistaver. Bak henne ligger en flott utsikt med snødekte fjell og en innsjø.
Dronningen. Foto: Privat, Det kongelige hoff | Last nedLisensinformasjon