Eidskog Frivillighetssentral
Fredag besøkte Hans Majestet Kongen frivilligsentralen i Eidskog kommune. Sentralen er sentrum for ei rekkje aktivitetar i kommunen.
3. april 2008
Med utgangspunkt i frivilligsentralen blir aktivitetar som bruktbutikk, møteplass, besøksteneste, matdistribusjon og følgjeteneste samordna. Natteramnane har òg tilknyting til frivilligsentralen.
Gjennom frivillig innsats har frivilligsentralen gjort sitt til å styrkje nettverket, skape ein møteplass og tryggleik for mange i lokalsamfunnet, spesielt dei eldre.
"Ein konge verdig"
Tanken om å invitere Kongen starta ved eit av borda på Møteplassen. Vaflane som vart serverte, var så gode at ein meinte dei var "ein konge verdig". Dermed vart ideen om ein invitasjon fødd.
Kongen vart motteken av fylkesmann Sigbjørn Johnsen, ordførar Knut Gustav Woie og leiar av frivilligsentralen Bjørg Dyblie. I tillegg var mange førsteklassingar samla for å ønskje Kong Harald velkommen til Eidskog.
Kongen fekk snakke med fleire av dei frivillige som er med på dei ulike aktivitetane ved frivilligsentralen, og fekk ein plass rundt bordet der han fekk servert lokale retter – og vaflar.