Ein smak av kammermusikk
H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit var i salen da Risør kammermusikkfest lanserte årets festivalprogram med ein konsert på Sentralen i Oslo i kveld.
30. mars 2016

Dei kunstnarlege leiarane for festivalen Lars Anders Tomter og Henning Kraggerud, med hjelp frå fiolinist Miriam Helms Ålien, cellist Sandra Lied Haga og pianist Ole Christian Haagenrud, stod i spissen da smakebitar frå årets program vart presentert. Konserten inneheldt blant anna musikk frå festivalkomponisten i år, Giya Kancheli.
Risør kammermusikkfest vart etablert i 1991 og markerte 25-årsjubileet sitt i fjor. Kronprinsessa har vore festivalens høge beskyttar sidan 2006. Kvelden baud òg på lansering av den nye grafiske profilen til festivalen.
Maska som tema
Temaet for kammermusikkfesten i år er «maske».
– Masketemaet kjem til å gjennomsyre årets program, direkte og indirekte. Tydingane vi dreg ut av dette ordet, er mange: forkledning til forlysting eller med skumle hensikter, karneval, rollespel, det teatralske, det fordekte; alter ego, seier leiar Lars Anders Tomter til heimesida til festivalen.
Risør kammermusikkfest blir arrangert i tida 28. juni–3. juli.
