EM i handball
Torsdag var H.M. Kongen til stades ved opninga av europameisterskapet i handball for herrar. Kongen følgde kampen mellom Russland og Montenegro, og den spanande kampen Danmark - Noreg.
20. januar 2008
Over 4.000 tilskodarar hadde møtt fram for å sjå opningskampane i Gruppe B: Montenegro – Russland og Danmark – Noreg. Montenegro spela uavgjort 25-25 mot Russland. Noreg vann med eit mål (26-27) over Danmark etter ein spanande kamp der målvakt Steinar Ege stod fram som den store spelaren.
Europameisterskapet går i perioden 17. - 27. januar i Drammen, Stavanger, Bergen, Trondheim og Lillehammer. Semifinalar og finalar skal vera på Lillehammer 26. og 27. januar.

