#EnGangTil i Bergen
H.K.H. Kronprinsessa deltok på Gjenbruksdagen i Bergen i dag. Saman med Fretex og konferansier Jenny Skavland ønskte Kronprinsessa å vise moglegheitene i redesign og kor viktig gjenbruk er.
7. september 2014

Etter Gjenbruksdag i Fredrikstad i går, fredag, var det Bergen som stod for tur i dag. Målet er å inspirere til meir miljøvennlege val.
Berekningar viser at kvar av oss i gjennomsnitt kastar sju kilo klede kvart år, mykje av det fullt ut brukbare ting. Dersom dette i staden kunne brukast på nytt, har det positive miljøeffektar. Også klede og tekstilar som ikkje lenger er brukbare som dei er, kan komme til nytte. Det kan Fretex lage nye produkt av.
Catwalk på Festplassen
Som i Fredrikstad på fredag var det duka for både moteoppvising og salsbuer. På catwalken fekk publikum sjå redesign og gjenbruk, og i buene stod «personlege shopparar» klare for å hjelpe til i jakta på klesskattar.
Fleire av kleda til Kronprinsessa har vorte redesigna for høvet.
Gjenbruksdag i Bergen




