Eventyrleg norsk innsats i Seefeld
Kongeparet avslutta opphaldet sitt i Seefeld under VM på ski med å følgje herrestafetten i dag. Etter 17 av 22 øvingar leier Noreg medaljestatistikken med heile 19 medaljar totalt.
1. mars 2019

Hans Majestet Kong Harald og Hennar Majestet Dronning Sonja kunne glede seg over jamt medaljedryss over norske utøvarar i meisterskapet i Austerrike.

Skapte historie
Tysdag starta Kongeparet programmet med å følgje 10 kilometer intervallstart i klassisk stil for kvinner. Det vart gull til Therese Johaug og bronse til Ingvild Flugstad Østberg.
Same dag skapte dei norske hoppjentene historie med bronse i tidenes første VM-laghopp for kvinner.

Silje Opseth, Ingebjørg Saglien Bråten, Anna Odine Strøm og Maren Lundby møtte Kongeparet etter prestasjonen i det historiske hopprennet. Tyskland og Austerrike tok gull og sølv.

Etterlengta gull
Ein rørt Martin Johnsrud Sundby møtte Kongeparet onsdag etter sitt første individuelle meisterskapsgull etter sigeren i 15-kilometeren for menn. Med litt over 2 sekund vann han over russiske Alexander Bessmertnykh og tok heim VM-gullet.

Storfavoritten Maren Lundby kunne glede seg over både ein medalje i bronse og gull etter sigeren i hopp, normalbakke. Stafetten for kvinner på torsdag enda med sølv til Therese Johaug, Heidi Weng, Ingvild Flugstad Østberg og Astrid Uhrenholdt Jacobsen – bak Sverige, og Jarl Magnus Riiber vart verdsmeister i kombinert.

Kongeparets program i VM-byen vart avslutta med herrestafetten fredag, der Johannes Klæbo gjekk inn til gull for Noreg.
VM på ski: Seefeld














