Familiebilde
I høve markeringa av Prins Sverre Magnus sin myndigheitsdag vart det tatt offisielle bilde av familien.
1. desember 2023

Bilda viser Prins Sverre Magnus saman med besteforeldre, foreldre og søster, og det er tatt i Den kvite salongen på Det kongelege slott.
Prins Sverre Magnus fyller 18 år sundag 3. desember, og i dag er familie, fadrar og representantar frå det offisielle Noreg og ungdomsorganisasjonar samla til lunsj på Slottet.
Prinsens bunad
Prins Sverre Magnus har fått ein bunad i fødselsdagsgåve frå Kongeparet, og i dag brukar han den for første gong. Bunadsmodellen er ein gråtrøyebunad frå Aust-Telemark frå ca. 1870.


