Hopp til innholdet

Feira nynorsk kvinnekraft

– Vi kan sende ein takknemleg tanke til alle som har bana veg, sa H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit da Kvinnedagen vart markert på Litteraturhuset i Oslo.

8. mars 2016

Kronprinsesse Mette-Marit under forfattermøtet "Nynorsk kvinnepower - ved sju av dei". Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

Under tittelen "Nynorsk kvinnepower" inviterte Vennelaget Samlagsrota til ein samtale med sju utvalde representantar for nynorsk litteratur på Kvinnedagen. Gjennom samtale og høgtlesing vart kvelden på Litteraturhuset vigd til Marit Eikemo, Mette Karlsvik, Anna Kleiva, Ruth Lillegraven, Olaug Nilssen, Agnes Ravatn og Gunnhild Øyehaug. Kjartan Fløgstad var ordstyrar.

Kronprinsesse Mette-Marit overvar arrangementet og nytta høvet til å rose det "nynorske språkrommet" og utviklinga av kvinnelege forfattarskapar i Noreg.

– Det er verkeleg – som Kjartan Fløgstad skreiv i eit essay i 2012 – "eit sant mirakel" at så mange forfattarar vel å skrive nynorsk. Det er eit mirakel at eit lite land som Noreg kan få fram så mange forfattarar som òg vekkjer internasjonal oppsikt, sa Kronprinsessa i talen sin.

Innleiingsvis siterte ho Virginia Woolfs essay "Eit eige rom", opphavleg halde som foredrag i 1929. Mens det var ei tid da skriving vart sett ned på, spesielt dersom det vart gjort av kvinner, er tidsbiletet i dag eit anna:

– Virginia Woolf ville nok vore einig i at ikkje berre materiell og intellektuell fridom er nødvendig for å kunne skape skrivekunst – men òg høve til å skrive på sitt eige språk, si eiga målform. For språk er identitet. (…) Vi kan sende ein takknemleg tanke til alle som har bana veg – og gratulere kvarandre med dagen!

Delte ut gründerpris

I føremiddag vart Kvinnedagen òg markert på Norsk design- og arkitektursenter, DoGA. Her var Kronprinsessa til stades for å dele ut prisen Female Entrepreneur 2016, som senteret gjev ut i samarbeid med Innovasjon Noreg og Nærings- og fiskeridepartementet.

Målet med prisen er få fram fleire suksessrike vekstgründerar og leiarar i Noreg. Prisen heitte tidlegare Årets gründerkvinne og vart første gong delt ut i 2009.

Prisen gjekk til FeC AS med gründer Kathrine Molvik frå Knarvik i Hordaland. Molvik vart heidra for arbeidet sitt med å byggje opp eit sveisefagleg kompetansesenter med robotteknologi.

Kvinnedagen 2016

Kronprinsesse Mette-Marit under forfattermøtet "Nynorsk kvinnepower - ved sju av dei". Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix
Kronprinsesse Mette-Marit taler under forfattermøtet "Nynorsk kvinnepower - ved sju av dei" på Litteraturhuset i Oslo. Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix
Kronprinsesse Mette-Marit og ordfører i Oslo Marianne Borgen ankommer utdelingen av Female Entrepreneur 2016 ved Norsk design- og arkitektursenter DOGA. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Litteratur

Kronprinsesse Mette-Marit er levende opptatt av bøker. Hun ønsker å dele sin leseglede og å spre den gode litteraturen – i personlig overbevisning om at det finnes en bok for alle. I løpet av et år deltar Kronprinsesse Mette-Marit på en rekke litterære arrangementer. Her finnes bilder fra mange av dem.

Bokmessen i Frankfurt er verdens største. Hvert år vies ett lands litteratur og kultur spesiell oppmerksomhet, og i 2019 var dette Norge. Som ambassadør for norsk litteratur i utlandet, hadde Kronprinsessen et tett program. Foto: Sigurd Fandango / Det kongelige hoff
Selve åpningen skulle finne sted 15. oktober. Den 11. var Kronprinsparet på plass i Tyskland, der det første arrangementet var åpningen av utstillingen "Edvard Munch gesehen von Karl Ove Knausgård" i Düsseldorf. (Foto: Simen Løvberg Sund)
Dagen etter besøkte Kronprinsparet bokhandelen Pankebuch i Berlin. Den har spesialisert seg på nordisk litteratur. Foto: Simen Løvberg Sund / Det kongelige hoff.
I Berlin deltok Kronprinsessen og Geir Gulliksen (t.v.), som var hennes medredaktør i arbeidet med antologien "Hjemlandet", i samtale med Thomas Böhm i programmet "Die Literaturagenten" på Radio Eins i Berlin. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
Så var det klart for litteraturtog - utenlands for første gang. Første etappe gikk fra Berlin til Köln, med litteratur for barn som tema. Foto: Heiko Junge, NTB scanpix
Med på toget var barnebokforfatterne Jostein Gaarder og Maria Parr, som leste høyt fra bøkene sine. I tillegg fikk barna prøve seg som illustratører under kyndig veiledning av Svein Nyhus og Anna Fiske. Foto: Heiko Junge, NTB scanpix
I Köln kom flere forfattere om bord. Før avgang var det fotografering foran den kjente Kölnerdomen. Kronprinsparet og Kölns ordfører Henriette Reker foran Kölnerdomen - omgitt av 19 norske forfatterne: Erika Fatland, Erik Fosnes Hansen, Johan Harstad, Lotta Elstad, Lars Mytting, Andreas Tjernshaugen, Anne Sverdrup Thygeson, Edvard Hoem, Inga Ravna Eira, Synnøve Persen, Simon Stranger, Maria Parr, Maja Lunde, Svein Nyhus, Mona Høvring, Herbjørg Wassmo, Lars Saabye Christensen, Anna Fiske og Jostein Gaarder. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
Kronprinsesse Mette-Marit snakker med forfatterne Herbjørg Wassmo, Lotta Elstad og Lars Saabye Christensen i Litteraturtoget på vei til Frankfurt. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Viser 8 av 73