Hopp til innholdet

Festforestilling for Hans Børli

I år er det 100 år sidan Hans Børli vart fødd. Kronprinsparet var til stades då 100-årsjubileet vart avslutta med ei storstilt feiring av den folkekjære lyrikaren på Det Norske Teatret i Oslo.

5. desember 2018

Kronprinsparet helsar på fungerande ordførar Berit Haveråen i Eidskog og leiar for hovudkomiteen Kamilla Thue. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoff

Festframsyninga var ei blanding av dikt, tonesette dikt og betraktningar. På scenen stod mellom anna Åse Kleveland, Anne Marit Jacobsen, Sinikka Langeland, Frida Ånnevik, Ane Dahl Torp og Sjur Miljeteig.

Konferansier Åse Kleveland og Sigbjørn Johnsen. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoff

Børli har gjerne blitt kalla «skogens diktar», fordi han hentar mange av motiva sine frå skogen og arbeidde som tømmerhoggar heile livet, men denne merkelappen hadde han sjølv eit ambivalent forhold til. Diktinga hans tok også andre vegar, og naturen hadde han eit elsk/hat-forhold til.

Gjennom jubileumsåret har fleire peika på dei eksistensielle problemstillingane som han set lys på gjennom diktinga si. Børli viser det store i det vesle. Dikta er ofte opne og undrande.


Kjelde: Det Norske Teatret

Hans Børli 100 år

Kronprinsparet helsar på fungerande ordførar Berit Haveråen i Eidskog og leiar for hovudkomiteen Kamilla Thue. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoff
Konferansier Åse Kleveland og Sigbjørn Johnsen. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoff
Ane Dahl Torp og Sjur Miljeteig. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoff
Frå diktsamlinga "Vindharpe", 1974.
Forfatteren, lyrikeren og tømmerhoggeren Hans Børli, Eidskog februar 1965 (Foto: Ivar Aaserud, Scanpix)