Festkonsert på Oscarshall
Hans Majestet Kongen og Hennar Majestet Dronninga var vertskap for Oslo kommunes festkonsert i høve 17. mai i år. Konserten vart spelt inn på lystslottet Oscarshall utanfor Oslo sentrum denne veka.
16. mai 2021

17. mai-komiteens festkonsert i Oslo har lang tradisjon og blir normalt arrangert for eit stort publikum ved Karpedammen på Akershus festning. På grunn av pandemien var det ikkje mogleg å gjennomføre konserten på vanleg vis i år, så Kongeparet stilte Oscarshall til rådvelde for ei innspeling.
Blåsemafian på Oscarshall
Ungdommer fra Osloskolene og Blåsemafian spiller konsert for Kongeparet. Foto: Oslo kommune
Formålet med festkonserten er å løfte fram talentfull ungdom og leggje til rette for samarbeid mellom unge og vaksne – mellom profesjonelle og amatørar. Det er ein viktig arena for Oslos unge talent innanfor musikk, dans, teater og song der dei får opptre saman med profesjonelle. «Dagen før dagen» på Oscarshall var første gong på lang tid dei unge talenta kunne møtast for å spele og underhalde.

Tre elevar frå Edvard Munch videregående skole, Foss videregående skole og Oslo kulturskole spelte saman med profesjonelle musikarar frå instrumentaltrioen «Blåsemafian».

Dramaelevane Elene Kristina Blystad og Idunn Sofie Thorsdottir frå Hartvig Nissen skole batt det heile saman som konferansierar






